Ingjerd Schou () er ein norsk politikar frå Høgre. Ho sat i perioden 2009-13 på Stortinget for Østfold fylke, og var også stortingsrepresentant i perioden 2001-05. Frå 19. oktober 2001 til 18. juni 2004 var ho sosialminister i Regjeringa Bondevik II.

Karriere Schou voks opp i Skiptvet i Østfold, men busette seg seinare i Spydeberg. Ho flytta heimanfrå då ho var 15 år gamal for å gå på reformgymnas. Deretter tok ho utdanning innan sjukepleiarfaget: vanleg sjukepleiarutdanning og offentleg godkjent sjukepleiar frå 1977, spesialutdanning i intensivsjukepleie i 1980, administrasjonslinja ved Norges Sykepleierhøyskole i 1982, og med.fak frå Universitetet i Oslo, i tillegg til mastergrad i helseadministrasjon frå 1988. Ho har fagleg bakgrunn som spesialutdanna sjukepleiar og har tittel som cand. mag helse.

Bakgrunnen hennar frå helsevesenet brakte ho inn i fleire administrative stillingar innan Østfold fylkeskommune før ho i 1991 vart direktør for Indre Østfold sjukehus i Askim. Frå 2006 var Schou prosjektdirektør i Helse Øst RHF, og seinare Helse Sør-Øst RHF.

Ingjerd Schou har også budd på Gressvik, i Onsøy og i Sarpsborg. Den politiske karrieren starta i kommunestyret i Spydeberg i 1992. Der var ho mellom anna gruppeleiar for Høgre og sat i formannskapet. Ho har hatt fleire verv, både i organisasjonar og innan politikken, og vart i 2000 nominert på sikker plass på Østfold Høgre sin liste til stortingsvalet 2001. 22. november 2008 vart Schou nominert på Østfold Høgres første plass før stortingsvalet 2009, etter knipen seier over Martin Engeset. Ved stortingsvalet vart Schou vald inn for sin andre periode.

Stortingskomitear 2004–2005 medlem i Justiskomiteen 2009–2013 medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen 2009–2013 medlem i Valkomiteen

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Folk frå Ski