Jan Bert Lieve Vertonghen () er ein belgisk fotballspelar som i 2018 spela for Premier League-klubben Tottenham Hotspur FC. Han har tidlegare spelt for Ajax og RKC Waalwijk i nederlandsk Eredivisie. Han spelar også for Belgia sitt landslag. Vertonghen vart seriemeister i Nederland med Ajax i 2011 og 2012. I 2012, medan han spelte for Ajax, vart han kåra til årets fotballspelar i Nederland.
Vertonghen debuterte for Belgia sitt A-landslag 21. juni 2007 i ein kamp mot Portugal. Han tok del i Belgia sin tropp til fotballturneringa under sommar-OL i 2008.
Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Waalwijk-spelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Germinal Beerschot-spelarar Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2024