Ola Borten Moe () er ein norsk gardbrukar og politikar og tidlegare nestleiar i Senterpartiet. Frå 14. oktober 2021 til 4. august 2023 var han forskings‑ og høgare utdanningsminister i Regjeringa Støre.
Moe er utdanna agronom og har statsvitskap og historie mellomfag frå NTNU.
Politisk karriere Moe vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 2005, etter å ha vore vararepresentant i perioden 2001–2005. Han var lokalpolitikar i Trondheim og medlem av Trondheim bystyre frå 1995 til 2007, og kommunalråd i Trondheim 1993–1996. Han var nestleiar for Kyrkje- og kulturkomiteen i Trondheim 1995–1999, og leiar for Oppvekstutvalet 1999–2003.
Moe var medlem av Senterpartiets programkomite forut for stortingsvalet 2005, og har ei særleg interesse for distrikts- og næringspolitikk. Frå haustsesjonen 2007 overtok han leiinga av Stortingets næringskomité etter at partifellen Lars Peder Brekk vart parlamentarisk leiar og trådde til i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Den 4. mars 2011 tok han over som olje- og energiminister etter Terje Riis-Johansen.
Moe melde avgang som forskings- og høgare utdanningsminister den 21. juli 2023 etter alvorlege feil knytte til habilitet. Han trekte seg følgjeleg også som nestleiar i Senterpartiet. Sandra Borch tok over som forskings- og høgare utdanningsminister etter Moe den 4. august 2023.
Stortingskomitear 2005–2007: medlem i energi- og miljøkomiteen 2005–2009: varamedlem i valkomiteen 2007–2009: leiar i næringskomiteen 2009–2011: medlem i kommunal- og forvaltingskomiteen 2009–2011: første nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen
Familie Moe er barnebarn av tidlegare statsminister Per Borten. Han er gift med tidlegare stortingsrepresentant Anna Ceselie Brustad, som han gifta seg med i 2008.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ola Borten Moe» frå , den 14. september 2010.
Bakgrunnsstoff
adressa.no: Nytt trønderpar på Tinget
Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Sp-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Trondheim