Morten Smelror () er ein norsk paleontolog. Han tok cand. scient i 1985 og dr. philos i 1992. Han var direktør i Norges geologiske undersøkelse (NGU) frå 2006 til 2018.

Frå 1983 til 1985 var han stipendiat ved Paleontologisk museum ved Universitetet i Oslo. Han hadde ulike forskar- og leiarstillingar ved Institutt for kontinentalsokkelundersøkelser og petroleumsteknologi i Trondheim frå 1985 til 1997, og frå 1997 var han underdirektør ved Institutt for naturhistorie ved NTNU. I 2000 vart han avdelingsdirektør ved geofagleg avdeling ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU) og i 2006 vart han administrerande direktør her.

Kjelder

Kategori:Norske paleontologar Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:Folk frå Trondheim