Markvard Armin Sellevoll () er ein norsk geofysikar. Han vart dosent i seismologi ved Universitet i Bergen i 1961 og professor i fastjordfysikk frå 1975 til 1990. Frå 1990 vart han professor emeritus.
Han styrte jordskjelvstasjonen i Bergen frå 1968 til 1974 og spelte ei viktig rolle under oppbygginga av NORSAR. Sellevoll har konsentrert forskinga si om undersøkingar av jordskorpestrukturane i Skandinavia og utforska den norske kontinentalsokkelen.
Kjelder
Kategori:Norske seismologar Kategori:Norske geofysikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen