Krystallform eller habit er omgrep innanfor mineralogien som beskriv korleis det ytre til ein krystall ser ut med omsyn til form og storleik.
Dei mange uttrykka mineralologane nyttar til å beskrive krystallforma er nyttig med tanke på beskrive korleis ein enkel krystall av eit mineral ofte ser ut. Ved å kjenne talrike krystallformer har det hjelpt mineralogane til å identifisere eit stort tal på mineral. Nokre former er spesielle for visse mineral, men dei fleste minerala kan opptre i fleire former i det utviklinga av ei form er avhengig av vilkåra under danninga av mineralet eller korleis krystallveksten fann stad. Krystallen si ytre form kan lure den urøynde sidan den indre krystallstrukturen eller krystallsystemet ikkje treng å komme til syne.
Faktorar som påverkar krystallforma omfattar: ein kombinasjon av to eller flire krystallformer sporelement som er til stades under krystallveksten krystalltvilling og veksetilhøve (t.d. varme, trykk, rom)
Mineral som høyrer til same krystallsystem treng ikkje gi opphav til same krystallform. Nokre krystallformer av eit mineral er unike for ein variant og for lokaliteten: For eksempel, medan dei fleste safirane dannar avlange tønneforma krystallar, dannar dei frå Montana ein kraftig lagdelt (tabulær) krystall. Vanlegvis ser ein denne forma berre i rubin. Safir og rubin er variantar av det same mineralet korund.
Nokre mineral kan erstatte andre eksisterande mineral utan å endre den opphavlege krystallforma. Denne prosessen blir kalla pseudomorf utbytting. Eit klassisk døme er tigerauge kvarts, krokidolitt (blå asbest) erstatta av silica. Medan kvarts typisk dannar euhedral (well-formed), prismatiske (avlange, prismeliknande) krystallar, i tigerauge er den opphavlege fiberaktige krystallforma til krokidolitt uendra.
Liste over krystallformer (habitar)
Krystallform (Habit)What are descriptive crystal habitsBeskrivingEksempelAsikulær, nåleformaNål-liknande, slank og/eller avtagandeRutil i kvartsMandelaktig (Amygdaloidal)Mandel-formaHeulandittAnhedralDårleg forma, ytre krystallflater er ikkje dannaOlivinBladaBlad-liknande, slank og flatKyanittBotryoidal eller globulærDrue-liknande, halvkule massarSmithsonitt, Hemimorfitt, Adamitt og Variscitt.Søyleforma (Columnar)Liknande til fibra form: lang og slank ofte med parallell vekstKalsittCokscombAggregerte flaka eller plateforma (tabular) tettpakka krystallar.BarittDendrittisk eller arborescentTre-liknande, greina i ein eller fleire retningar frå eit midtpunktMagnesitt i opalDodekahedriskDodekahedron, 12-sidaGranatKlaseforma (Drusy) eller skorpe (inkrustasjon)Aggregat av ørsmå krystallar som dekker ei overflateUvarovitt, kvartsSpeilvendt (Enantiomorfisk)Speilbilde krystallform og optiske karaktertrekk; høgre- og venstre-hendte krystallarKvartsLike lengder (Equant), kraftig, kort og stiv eller blokkformaLengd, breidde og tjukkleik omtrent likeZirkonIdomorf (Euhedral)Godt forma, ytre krystallflater er utviklaSpinellFibra eller søyleformaEkstremt tynne prismeTremolittFiliform eller kapillærHår-liknande eller tråd-liknande, ekstremt tynneNatrolittFoliert (blada) eller glimmeraktig (micaceous)Lagdelt struktur, delast lett i tynne flakGlimmerGranulærAggregat av allotriomorfe krystallar i ei matriseScheelittHemimorfiskDobbelt avslutta krystall med to ulikt forma endarHemimorfittBrystvorteliknande (Mamillary)Bryst-liknande: overflata danna av overlappande delvis kuleforma kulerMalakittMassive eller kompaktFormlaus, ingen spesielle ytre krystallformSerpentinNodulær eller tuberoseAvsetting av tilnærma kuleform med uregelrette utvekstar (protuberances)GeodesOktahedriskOktahedron, åtte-sida (to pyramidar base mot base)DiamantFjæraktig (Plumose)Fine, fjørliknande skjelMottramittPrismatiskAvlange, prisme-liknande: krystallflatene parallell til c-aksen er godt utviklaTurmalinPseudo-heksagonalSer sekskanta (heksagonal) ut på grunn av syklisk tvillingAragonittPseudomorfEr i forma til eit anna mineral gjennom pseudomorf utbyttingTigeraugeUtgåande stråling (Radiating) eller divergenteStråler ut frå eit midtpunktPyrittsolReniform, nyreforma eller colloform (kolloide kuler)Liknande til brystvorter (mamillary): overlappande nyreforma massarHematittRetikulert, nettverk danningNåleliknande (Acicular) krystallar som dannar eit nett-liknande samanvoksterCerussittRosettPlatete, rose-liknande aggregat som går ut frå eit sentralt punktGipsKileforma (Sphenoid)Kileforma (Wedge)Titanitt (Sphene)Stalaktitiak, dryppsteinaktigDannar stalaktitt eller stalagmitt; sylindrisk eller kjegleforma dryppsteinRhodokrositt (Manganspat)Stjerneforma (Stellate)Stjerneliknande, utstrålandePyrofyllittStrima/stripaVekstliner på overflata som er parallelle eller vinkelrett på den krystallografiske aksen PyrittHypidiomorf (Subhedral)Ytre krystallflater berre delvis utviklaTabulær eller lamellærFlat, plateforma, uttrykt pinnacoid (sideflate er parallell med to av krystallaksane)RubinNek av kveite (Wheat sheaf)Aggregat som liknar på handskorne nek av kveiteZeolittar
Referansar
Kategori:Krystallografi Kategori:Mineralogi