Inge Ryan () er ein norsk politikar frå SV.
Frå 2. november 2009 er han fylkesmann i Nord-Trøndelag. Ryan var ordførar i Namsskogan kommune i perioden 1991–1995, medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 1991–2001, nestleiar i SV 1997–2001, stortingsrepresentant 2001–2009 og parlamentarisk leiar i SV 2005–2009. Han har særleg vore oppteken av distriktspolitikk.
Biografi
mini|venstre|Gerd Janne Kristoffersen (t.v.), Arild Stokkan-Grande og Ryan.
Ryan har studert historie ved Nordland distrikthøgskole i Bodø, og har pedagogisk utdanning frå Universitetet i Trondheim og leiarutdanning frå Høgskolen i Levanger. I tillegg har han utdanning frå lærarskole i Alta og Levanger 1977–1980, og han arbeidde som lærar i periodane 1975–1977 og 1980–1987 og som rektor 1987–1991. Han var lærar og pedagogisk konsulent 1991–1992, distriktsarbeidssjef 1994–1997 og dagleg leiar i Indre Namdal regionråd 1997–2001.
Ryan var ordførar i Namsskogan 1991–1995, varaordførar 1995–1999 og kommunestyremedlem 1999–2001. Han var leiar i Namsskogan SV 1992–1994, fylkestingsmedlem 1991–1995, og deretter medlem av fylkesutvalet 1995–2001.
19. juni 2008 offentleggjorde Ryan at han ikkje tok attval til Stortinget i 2009. Han vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag for ein periode på seks år, og trådde til då stortingsperioden var over.
Ryan gifta seg hausten 2005 med kollegaen Bjørg Tørresdal frå KrF.
Stortingskomitear 2001–2005: Medlem i Valgkomiteen 2001–2005: Medlem i Næringskomiteen 2005–2009: Medlem i Valkomiteen 2005–2009: 1. nestleiar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen 2005–2009: Medlem i Den utvida utanrikskomiteen Referansar
Bakgrunnsstoff Biografi: Ryan, Inge Stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Ordførarar i Namsskogan Kategori:SV-ordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Fylkesmenn i Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Overhalla