Haustkrokus (Crocus speciosus) er ei plante i krokusslekta i sverdliljefamilien. Arten er opphavleg kjend frå Vest-Asia.

Namnet «haustkrokus» er no det normerte namnet for denne arten, men namnet har tidlegare òg vore brukt om andre haustblomstrande krokusar, til dømes safrankrokus (C. sativus). Også tidlaus (Colchicum autumnale) har stundom vore omtalt som «haustkrokus», sjølv om det slett ikkje er ein krokus.

I Noreg er arten ein framandart som er komen inn som prydplante og er forvilla. Haustkrokus er bufast i Ås i Akershus frå 2005. I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Krokusslekta