Solbærplanta er ei buskvekst i ripsfamilien som føretrekkjer eit temperert klima. Frukta er små bær med ein mørkelilla, nesten svart farge. Bæra er rike på C-vitamin og har ein svakt bitter smak. Dei blir nytta mellom anna til gelé, syltetøy, saft, konfekt (fyll), yoghurt, iskrem og vin.
mini|venstre|Solbær
Solbær er mest utbreidd i Europa og er spesielt populært i Storbritannia. Under andre verdskrigen oppfordra den britiske regjeringa til dyrking av solbær sidan bæra er ei god C-vitaminkjelde. Ein laga solbærsirup av bæra som så vart delt ut gratis til alle borna i landet, noko som bidrog sterkt til å auke populariteten til solbær der.
Blada er òg rike på smak og utgjer ingrediensar i solbærsnaps eller solbærkonjakk.
Solbær i Noreg Bang up Edina Booskop kjempe Brødtorp Silvergieter's Zwarte Sunderbyn - H8 Nikkala XI - H7 Hedda Wellington XXX Øjebyn Ben Tron Ben Alder
Tinker Amos Black
Sjukdommar og skadedyr
Hagetege Solbærgallmidd Solbærgallmygg Stikkelsbærdreper Bladfallsopp Bladflekk Rustsopp Mjøldogg
Bakgrunnsstoff Agropub Jon Ramstad, Hagebrukslære for landbruksskolen. Landbruksforlaget, 1972.
Kategori:Frukt Kategori:Bær Kategori:Ripsfamilien