Gunnar Holmsen () var ein norsk geolog. Holmsen arbeida innan mange greiner av geologien, særleg med kvartær- og ingeniørgeologi, og han publiserte fleire arbeid innan desse faga.
Han byrja å studere i 1899 og vart cand.real. i 1905, dr.philos. i 1914 og arbeidde som statsgeolog frå 1918 til 1950 ved Noregs geologiske undersøkingar.
Han var bror til bergmeister Andreas Holmsen og var gift med Hanna Marie Resvoll, som er kjend som Hanna Resvoll-Holmsen, ein norsk botanikar og pioner innan naturvitskapen.
Gunnar Holmsen gjorde i åra 1908-1919 geologisk kartlegging av fleire område i Nord-Noreg og Trøndelag. I 1908, 1909 og 1912 reiste Holmsen på ekspedisjonar til Spitsbergen, der han gjorde viktige fysisk-geografiske studiar over ørkendanningar i polarstrøk, jordbotnsis og jordflytting (solinuktion). Resultata vart lagt fram i fleire avhandlingar, som Om jordlags langsomme glidning, solifluktion (Norsk Geogr. Selsk. Arb. XXV), som han i 1914 fekk doktorgrad for. Eoit viktig samleverk er Spitsbergens natur og historie (Kra. 1911, òg publisert på tysk).
Andre publikasjonar er Brædæmte sjøer i Nordre Østerdalen (Norges geol. Undersøkelse nr. 73, 1915), Torvmyrenes lagdeling i det sydlige Norges lavland (Norges geol. Undersøkelse nr. 90, 1922) og Vore myrers plantedekke og torvarter (nr. 99, 1923).
Ei samling av Holmsen sine fotografi finst ved Norges geologiske undersøkelse.Preus Museum, om Holmsen, Gunnar
Kjelder
Polarlitteratur om Gunnar Holmsen av Jakob Schetelig
Kategori:Folk frå Røros Kategori:Norske geologar