Larveetarar utgjer den biologiske familien Campephagidae av små til mellomstore, vanlegvis lange og slanke fugleartar i subtropisk og tropisk Afrika, Asia og Australia.
Namnet 'larveetarar' er avleidd frå kosthaldet, dei et gjerne store hårete sommarfugllarver. Det engelske namnet 'Cuckooshrike' kan kome av at nokre av artane ber ein overflatisk likskap med gaukar, og har ei tilsvarande bølgjande flyging.
Taksonomi Dei nær 90 artane er funne i 11 slekter som omfattar tre ulike grupper, 'verkelege' larveetarar (slektene Campephaga, Coracina og Campochaera), trillefuglar (Lalage) og mønjefuglar (Pericrocotus).
Ein trur no at larveetarar er nært knytt til pirolar, Oriolidae, sjølv om dei syner sterke fråvik i nokre morfologiske kjenneteikn, som skallemorfologi og ordning av vengefjør.
Oskefuglar, Tephrodornis, var tidlegare ofte lagt til denne familien, men er i dag lista saman med hjelmvarslarar. Ei anna slekt, Chlamydochaera, med éin art, fruktplukkar, vart ofte plassert i denne familien, men har no vist seg å vere ein trast i familien Turdidae.
Skildring Larveetarar er hovudsakleg grå med kvitt og svart, jamvel om mønjefuglar har sterke fargar i raudt, gult og svart, og asurlarveetar i sentrale Afrika alt i alt er skinande blå. Dei fire larveetarane i slekta Campephaga syner kjønnsdimorfisme, med hannfuglar som har skinande svart fjørdrakt og raude eller gule hudlappar, hoene har meir dempa olivengrøn fjørdrakt. Slekta Coracina er ikkje monofyletisk.Knud A. Jønsson, Martin Irestedt, Jerome Fuchs, Per G.P. Ericson, Les Christidis, Rauri C.K. Bowie, Janette A. Norman, Eric Pasquet, Jon Fjeldsa (2008) Explosive avian radiations and multi-directional dispersal across Wallacea: Evidence from the Campephagidae and other Crown Corvida (Aves) Molecular Phylogenetics and Evolution 47:221–236
Av alle 82 artar larveetarar, er dei fleste skogsfuglar. Nokre artar avgrensa til primærskog, som brungumplarveetar. Andre er i stand til å bruke meir kultivert skog. Rundt elleve artar brukar mykje meir opne habitat, ein australsk art, som bakkelarveetar er funne på opne sletter og i krattskog med få tre.
'Verkelege' larveetarar finst vanlegvis einskildvis, i par, og i små familiegrupper, medan mønjefuglar og flugeetarar oftare dannar små flokkar. Det er ein monaleg variasjon innan familien som heilskap når det gjeld lydytringar, nokre syng særs sjeldan og andre, hovudsakleg mønjefuglar, er mykje vokale.
Desse er i hovudsak insektetande, og vil ta store hårete sommarfugllarver. Dei har òg vorte registrert små virveldyr, og litt frukt, frø og anna plantemateriale i føda.
Ein har ikkje studert forplantingsbiologien hos alle artar i familien. Artane som er studerte er territoriale, hos dei av desse artane som er standfuglar vil fuglane verne territoriet året rundt. Larveetarar er monogame, med parforhold som tilsynelatande er varig gjennom heile året. Berre éin førekomst av ikkje-monogam forplanting har vore registrert, ein førekomst av polygyni hos kvitvengtrillefugl i Australia, der ein hann hjelpte to hoer med mat til ungar. Fleire artar av larveetarar driv samarbeidande hekking. Omkring fire kvitflekte, grøne eller blå egg blir lagt i eit koppforma reir i eit tre. Rugetida er to veker.
Artsliste Larveetarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Pericrocotus Kvitbukmønjefugl, Pericrocotus erythropygius, White-bellied Minivet, Jerdon, 1840, (LC) Eldmønjefugl, Pericrocotus igneus, Fiery Minivet, Blyth, 1846, (NT) Småmønjefugl, Pericrocotus cinnamomeus, Small Minivet, Linné, 1766, (LC) Gråhakemønjefugl, Pericrocotus solaris, Gray-chinned Minivet, Blyth, 1846, (LC) Raudmønjefugl, Pericrocotus miniatus, Sunda Minivet, Temminck, 1822, (LC) Kortnebbmønjefugl, Pericrocotus brevirostris, Short-billed Minivet, Vigors, 1831, (LC) Floresmønjefugl, Pericrocotus lansbergei, Flores Minivet, Büttikofer, 1886, (LC) Langhalemønjefugl, Pericrocotus ethologus, Long-tailed Minivet, Bangs & Phillips, JC, 1914, (LC) Flammemønjefugl, Pericrocotus flammeus, Orange Minivet, Forster, 1781, (LC) Praktmønjefugl, Pericrocotus speciosus, Scarlet Minivet, Latham, 1790 Ryukyumønjefugl, Pericrocotus tegimae, Ryukyu Minivet, Stejneger, 1887, (LC) Oskemønjefugl, Pericrocotus divaricatus, Ashy Minivet, Raffles, 1822, (LC) Kinamønjefugl, Pericrocotus cantonensis, Brown-rumped Minivet, Swinhoe, 1861, (LC) Rosenmønjefugl, Pericrocotus roseus, Rosy Minivet, Vieillot, 1818, (LC)
Slekt Coracina Oskelarveetar, Coracina cinerea, Ashy Cuckooshrike, Müller, 1776, (LC) Kivularveetar, Coracina graueri, Grauer's Cuckooshrike, Neumann, 1908, (NT) Grålarveetar, Coracina caesia, Gray Cuckooshrike, Lichtenstein, 1823, (LC) Kvitbrystlarveetar, Coracina pectoralis, White-breasted Cuckooshrike, Jardine & Selby, 1828, (LC) Grovnebblarveetar, Coracina caeruleogrisea, Stout-billed Cuckooshrike, Gray, 1858, (LC) Hettelarveetar, Coracina longicauda, Hooded Cuckooshrike, De Vis, 1890, (LC) Svartkvitlarveetar, Coracina bicolor, Pied Cuckooshrike, Temminck, 1824, (NT) Blålarveetar, Coracina temminckii, Cerulean Cuckooshrike, Müller, S, 1843, (LC) Bakkelarveetar, Coracina maxima, Ground Cuckooshrike, Rüppell, 1839, (LC) Gulaugelarveetar, Coracina lineata, Barred Cuckooshrike, Swainson, 1825, (LC) Svarthakelarveetar, Coracina boyeri, Boyer's Cuckooshrike, Gray, 1846, (LC) Maskelarveetar, Coracina novaehollandiae, Black-faced Cuckooshrike, Gmelin, 1789, (LC) Sothovudlarveetar, Coracina welchmani, North Melanesian Cuckooshrike, Tristram, 1892, (LC) Kvitbuklarveetar, Coracina papuensis, White-bellied Cuckooshrike, Gmelin, 1788, (LC) Molukklarveetar, Coracina atriceps, Moluccan Cuckooshrike, Müller, S, 1843, (LC) Manuslarveetar, Coracina ingens, Manus Cuckooshrike, Rothschild & Hartert, 1914 Melanesialarveetar, Coracina caledonica, South Melanesian Cuckooshrike, Gmelin, 1788, (LC) Storlarveetar, Coracina macei, Large Cuckooshrike, Lesson, 1831, (LC) Bandlarveetar, Coracina striata, Bar-bellied Cuckooshrike, Boddaert, 1783, (LC) Skrikelarveetar, Coracina dobsoni, Andaman Cuckooshrike, Ball, 1872, (NT) Sundalarveetar, Coracina larvata, Sunda Cuckooshrike, Müller, S, 1843, (LC) Javalarveetar, Coracina javensis, Javan Cuckooshrike, Horsfield, 1821, (LC) Wallacealarveetar, Coracina personata, Wallacean Cuckooshrike, Müller, S, 1843, (LC) Burularveetar, Coracina fortis, Buru Cuckooshrike, Salvadori, 1878, (NT) Kvitgumplarveetar, Coracina leucopygia, White-rumped Cuckooshrike, Bonaparte, 1850, (LC) Skiferlarveetar, Coracina schistacea, Slaty Cuckooshrike, Sharpe, 1878, (LC)
Slekt Lobotos Eldlarveetar, Lobotos lobatus, Ghana Cuckooshrike, Temminck, 1824, (VU) Pirollarveetar, Lobotos oriolinus, Oriole Cuckooshrike, Bates, 1909, (DD)
Slekt Campephaga Svartlarveetar, Campephaga flava, Black Cuckooshrike, Vieillot, 1817, (LC) Satenglarveetar, Campephaga petiti, Petit's Cuckooshrike, Oustalet, 1884, (LC) Raudvenglarveetar, Campephaga phoenicea, Red-shouldered Cuckooshrike, Latham, 1790, (LC) Purpurlarveetar, Campephaga quiscalina, Purple-throated Cuckooshrike, Finsch, 1869, (LC)
Slekt Campochaera Gyllenlarveetar, Campochaera sloetii, Golden Cuckooshrike, Schlegel, 1866, (LC)
Slekt Malindangia Alvelarveetar, Malindangia mcgregori, McGregor's Cuckooshrike, Mearns, 1907, (NT)
Slekt Lalage Polynesiatrillefugl, Lalage maculosa, Polynesian Triller, Peale, 1849, (LC) Raudnebbtrillefugl, Lalage sharpei, Samoan Triller, Rothschild, 1900, (NT) Melanesiatrillefugl, Lalage leucopyga, Long-tailed Triller, Gould, 1838, (LC) Kvitknoketrillefugl, Lalage sueurii, White-shouldered Triller, Vieillot, 1818, (LC) Kvitvengtrillefugl, Lalage tricolor, White-winged Triller, Swainson, 1825, (LC) Iriantrillefugl, Lalage atrovirens, Black-browed Triller, Gray, 1862, (LC) Sørgjetrillefugl, Lalage moesta, White-browed Triller, Sclater, 1883, (LC) Kvitbryntrillefugl, Lalage leucomela, Varied Triller, Vigors & Horsfield, 1827, (LC) Mussautrilleugl, Lalage conjuncta, Mussau Triller, Rothschild & Hartert, 1924, (VU) Filippinartrillefugl, Lalage melanoleuca, Black-and-white Triller, Blyth, 1861, (LC) Kvitgumptrillefugl, Lalage leucopygialis, White-rumped Triller, Walden, 1872, (LC) Parktrillefugl, Lalage nigra, Pied Triller, Forster, 1781, (LC) Brunbuktrillefugl, Lalage aurea, Rufous-bellied Triller, Temminck, 1825, (LC) Reunionlarveetar, Lalage newtoni, Reunion Cuckooshrike Mauritiuslarveetar, Lalage typica, Mauritius Cuckooshrike Svartvenglarveetar, Lalage melaschistos, Black-winged Cuckooshrike Svarthovudlarveetar, Lalage melanoptera, Black-headed Cuckooshrike Smålarveetar, Lalage fimbriata, Lesser Cuckooshrike Nagalarveetar, Lalage polioptera, Indochinese Cuckooshrike
Slekt Celebesia Raudaugelarveetar, Celebesia abbotti, Pygmy Cuckooshrike Halmaheralarveetar, Celebesia parvula, Halmahera Cuckooshrike
Slekt Cyanograucalus Asurlarveetar, Cyanograucalus azureus, Blue Cuckooshrike
Slekt Analisoma Brungumplarveetar, Analisoma analis, New Caledonian Cuckooshrike Kolarveetar, Analisoma coerulescens, Blackish Cuckooshrike Kvitvenglarveetar, Analisoma ostenta, White-winged Cuckooshrike
Slekt Edolisoma Svartbuklarveetar, Edolisoma montanum, Black-bellied Cicadabird Bleiklarveetar, Edolisoma ceramense, Pale Cicadabird, Bonaparte, 1850 Kailarveetar, Edolisoma dispar, Kai Cicadabird Sumbalarveetar, Edolisoma dohertyi, Pale-shouldered Cicadabird, Hartert, 1896 Svartbrystlarveetar, Edolisoma mindanense, Black-bibbed Cuckooshrike Manussikadefugl, Edolisoma admiralitatis, Manus Cicadabird, Rothschild & Hartert, 1914 Makirasikadefugl, Edolisoma salomonis, Makira Cicadabird, Tristram, 1879 Salomonlarveetar, Edolisoma holopolium, Solomons Cuckooshrike, Sharpe, 1888, (LC) Fløyelslarveetar, Edolisoma incertum, Papuan Cicadabird Sulawesilarveetar, Edolisoma morio, Sulawesi Cicadabird Sulalarveetar, Edolisoma sula, Sula Cicadabird Sikadefugl, Edolisoma tenuirostre, Common Cicadabird Sotlarveetar, Edolisoma schisticeps, Gray-headed Cicadabird Beklarveetar, Edolisoma melan, Black Cicadabird, Lesson, 1828, (LC)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cuckooshrike» frå , den 14. august 2010
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar av larveetarar hos Internet Bird Collection
Kategori:Sporvefuglar