Soldoggfamilien (Droseraceae) er ein plantefamilie i ordenen Caryophyllales. Familien har tre slekter, Aldrovanda, Dionaea og Drosera, og om lag 150 artar, dei aller fleste i slekta Drosera. mini|venstre|Drosera derbyensis finst viltveksane i vestre Australia
Alle artane i soldoggfamilien er kjøtetande plantar, og kan derfor vekse på nitrogenfattig jordsmonn. Dei skaffar seg tilskott av nitrogenhaldige næringsstoff ved å fange smådyr som vert brotne ned med eit vassklart, enzymhaldig slim som vert skilt ut på kjertelhår på blada.
I Noreg veks tre soldoggartar vilt: D. longifolia (smalsoldogg) D. rotundifolia (rundsoldogg) D. intermedia (dikesoldogg)
Bakgrunnsstoff
kategori:caryophyllales