Ulrik Bugge () var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.
Bugge var fødd i Drøbak, der far hans då var kjøpmann, seinare flytta han verksemda til Christiania. Sjølv vart sonen student frå katedralskulen i hovudstaden i 1826 og cand. theol. i 1830. Deretter var han styrar ved borgarskulen i Fredrikstad frå 1832, kateket i Risør frå 1836. År 1842 vart han utnemnd til sokneprest i Herad i Vest-Agder. Dette kallet styrte han fram til 1855, då han vart sokneprest i Eid prestegjeld i Sogn og Fjordane. Han sat med det embetet til han døydde.
Bugge var 4. representant til Stortinget for Lister og Mandals amt i 1851 og 1854. I 1851 var han medlem av justiskomite nr 2 og lovkomiteen, i 1854 var han medlem av militærkomiteen.
Han døydde i 1878 på Nordfjordeid.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 NRKs fylkesleksikon
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Frogn