Fredrik Wilhelm Wedel-Jarlsberg () var ein dansk-norsk baron, amtmann og tollinspektør.
Wedel-Jarlsberg vart fødd på eit klostergods ved Næstved i Danmark, faren var offiser. Han vart sjølv offiser i 1803, deltok og vart såra under kampen mot engelskmennene i 1807 og var udyktig til vidare militærteneste.
Han vart student i 1804, og cand. jur. 1808. Arbeidde deretter eit par år i rentekammeret, før han i 1811 vart amtmann i Finmarken. I 1813 utnemnd til amtmann i Bratsberg, fekk i 1819 i tillegg amtmannsembetet for Larvik grevskap. Som amtmann i Bratsberg føretok han fleire tankelause handlingar, som viste han var heller lite skikka til embetet.
I 1818 vart han vald til Stortinget frå Larvik grevskap. Valet vart underkjent med 64 røyster mot 6, grunngjeve med at han ikkje hadde budd lenge nok i landet.
Wedel-Jarlsberg vart i 1838 tollinspektør i Larvik. Han døydde i 1863.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Quisling, J. L.: Gjerpen. En bygdebok, Kristiania, 1917 Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Finnmark Kategori:Fylkesmenn i Telemark Kategori:Norske tollarar Kategori:Nordmenn av dansk opphav