Rekviem i c-moll for blandakor vart skrive av Luigi Cherubini i 1815 og hadde premiere 21. januar 1817 ved ei minnegudsteneste for Ludvig XVI av Frankrike. Cherubini si utgåve av rekviemet vart av Beethoven rekna for å vere betre enn Mozart sitt, og både Schumann, Brahms og erkefienden til Cherubini, Hector Berlioz, hylla verket.Michael Fend i Grove musikkleksikon s. 577: For the anniversary of the execution of Louis XVI on 21 January 1817 he wrote his first Requiem (C minor), which, contrary to his usual practice, had no soloists.
Denne utgåva av rekviemet består av sju satsar:
Introitus et Kyrie Graduale Dies Irae Offertorium Sanctus Pie Jesu Agnus Dei
I 1820 vart ein sørgemarsj og ein motett, In Paradisum, lagt til. I 1833 vart verket forbode av erkebiskopen av Paris på grunn av bruken av kvinnestemmer og i 1836 skreiv Cherubini eit Rekviem i d-moll for mannskor.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Requiem (Cherubini)» frå , den 22. juli 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff Notar på IMSLP
Kategori:Musikkverk av Luigi Cherubini Cherubini Kategori:Musikk i 1816