__NOTOC__
Melanopareiidae, månesmettar, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Sør-Amerika. Dei fire artane utgjer same slekta, Melanopareia.
Månesmettar varierer i lengd frå 14 til 16 centimeter, veg 16-23 gram og har relativt lange stjertar i samanlikning med tapakuloar. Fjørdrakta er slåande med eit særeige band over brystet som gjev gruppa namnet.Krabbe, N.K., and T.S. Schulenberg. (2003). Family Rhinocryptidae (Tapaculos), pp. 748 –788 in del Hoyo, J., A. Elliott & D.A. Christie, (red.) Handbook of the Birds of the World Vol. 8.Broadbills to Tapaculos. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-50-4
To artar, cerradomånesmett og olivenmånesmett, er vidt distribuerte over sentrale og sørlege Brasil, Bolivia, Paraguay og det nordlege Argentina, medan dei to andre artane, praktmånesmett og maranonmånesmett, har ei meir avgrensa utbreiing i Peru og Ecuador.
mini|venstre|Cerradomånesmett, Melanopareia torquata Skildring Lite er kjent om åtferda til månesmettar. Dette er fuglar med biotop i tørt kratt. Generelt tar dei fôr på bakken, men dietten deira er enno ikkje undersøkt. Einaste arten der ein veit noko om hekkebiologien er olivenmånesmett. Denne arten hekkar sesongbasert. Reiret er 15 cm høgt, koppforma, laga av plantefibrar og palmeblad, og ligg skjult i gras eller i låge buskar nær bakken. Storleiken på kullet er to til tre, egga er kvite med flekker eller svarte prikkar.
Ingen artar av månesmettar blir vurdert som trua av menneskeleg aktivitet av IUCN, men maranonmånesmett er oppført som nær trua. Sjølv om artane er tilsynelatande tolerante mot noko uro, har dei ein snever global distribusjon og er dei er uvanlege sjølv innanfor dette området.
Systematikk Slekta Melanopareia har lengje vore plassert saman med tapakuloar i familien Rhinocryptidae. Plasseringa deira har vore omstridd og i 2007 vart slekta splitta ut i sin eigen familie, Melanopareiidae, av den søramerikanske klassifiseringskomiteen.Cadena, C (2006) #239) to South American Classification Committee: Remove Melanopareia from the Rhinocryptidae and create family Melanopareiidae. Downloaded 9 October 2008 Seinare vart familien akseptert av International Ornithological Congress, endringa er òg reflektert i Clementslista versjon 6.4 av desember 2009. Familien Melanopareiidae vart formelt godtatt i 2009 ..
Artslista Månesmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
Slekt Melanopareia Cerradomånesmett, Melanopareia torquata, Collared Crescentchest, LC, Wied, 1831 Olivenmånesmett, Melanopareia maximiliani, Olive-crowned Crescentchest, LC, D'Orbigny, 1835 Maranonmånesmett, Melanopareia maranonica, Marañon Crescentchest, NT, Chapman, 1924 Praktmånesmett, Melanopareia elegans, Elegant Crescentchest, LC, Lesson, 1844
Kjelder
Denne artikkelen bygger på artikkelen av «Crescentchests» frå , den 12. august 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Videoar, bilete og lydopptak av månesmettar hos Internet Bird Collection: Cerradomånesmett Olivenmånesmett Praktmånesmett Månesmettar Skildring og bilete hos Don Roberson, Bird Families of the World
Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen