Heinrich Schütz () var ein tysk barokk-komponist og organist.

Schütz vert rekna som den største tyske komponisten før Bach, og er ved sidan av Claudio Monteverdi ein av dei viktigaste komponistane på 1600-talet. Ein reknar med at Schütz skreiv den første tyske operaen, Dafne, som vart oppført i Torgau i 1627.

Trettiårskrigen, fleire pestepidemiar og sosiale omveltingar prega mykje av den skapande perioden til Schütz. Han byrja karrieren med å skrive store fleirkorsverk inspirert av venetiansk stil, men etter kvart som tilhøva for kulturell utfolding forverra seg vart han tvungen til å skrive mykje av musikken sin for små ensemble.

Det meste av det som er bevart etter Schütz, er vokal kyrkjemusikk. Han var ein av dei beste organistane på tida, men det finst ikkje bevart rein instrumentalmusikk etter han, heller ikkje verdsleg musikk. Det var berre kyrkjemusikken hans som vart publisert, men sjølv om ein tar omsyn til verk som berre er kjent frå biblioteksoppteikningar og andre kjelder finn ein hovudsakleg vokalverk, så truleg var ikkje instrumentalmusikk hovudoppgåva under den lange gjerninga hans som kapellmeister ved hoffet til kurfyrsten i Dresden.

Biografi Oppvekst Heinrich vart fødd inn i ein framståande borgarleg familie av frankisk opphavRifkin & Timms 1985: s 1 som den nest eldste av dei åtte borna til Christoph Schütz og Euphrosyne Bieger. Då han var fem år gammal flytta familien frå Köstritz i Aust-Thüringen til Weißenfels i Sachsen-Anhalt, der faren overtok gjestehuset «Zum güldenen Ring» etter far sin. Seinare kjøpte han eit gjestehus til som han kalla «Zum Schützen». Christoph fekk ein framståande posisjon i byen, og vart etter kvart borgarmeister. Sine barn gav han ei grundig utdanning, òg musikalsk. To av dei fyre yngre brørne til Heinrich, Benjamin og Georg vart velkjente juristar. Schütz var nært knytt til familien heile livet, og ser ut til å ha hatt eit spesielt nært forhold til broren Georg.

I 1598 overnatta landgreve Moritz von Hessen-Kassel i gjestehuset til Christoph. Greven var ein kyndig musikar og habil komponist, og då han fekk høyre Heinrich synge innsåg han straks talent til guten, og oppfordra foreldra til å sende han til hoffet til greven i Kassel. Foreldra hadde motførestelnader mot at Heinrich skulle slå inn på ein musikalsk løpebane, men greven freista med utsikter til ei allsidig utdanning, og foreldra gav til slutt etter. Opphaldet ved hoffet i Kassel starta i 1599, og greven heldt løftet sitt: Heinrich song i koret samstundes som han gjekk på akademiet til greven Collegium Mauritanum, og frå 1607 kosta greven studiar i juss og etymologi ved universitetet i MarburgHeinrich Schutz (1585–1672): Kulturpatriotismus Und Deutsche Weltliche Vokalmusik - &Laquo; Zum Auffnehmen Der Music/Auch Vermehrung Unserer Nation: Elisabeth Rothmund samstundes som Heinrich studerte orgelspel og komposisjon.

Venezia mini|Ukjent musikar, tidlegare trudd å førestille Schütz.cf. Steude 1986, p. 58-61 Rembrandt, 1633 Corcoran Gallery of Art, Washington, D.C. Landgreve Moritz vitja Marburg i 1609 og gav Schütz følgjande oppfordring: «sidan den godt kjente, men ganske gamle musikaren og komponisten Giovanni Gabrieli, framleis er i live, ville eg ikkje gått glipp av sjansen til å høyre han og lære noko av han».Rifkin & Timms 1985: s 5 Oppfordringa vart følgd opp av eit toårig stipend som skulle nyttast til å studere hos Gabrieli. Schütz skreiv seinare at han først fann det vanskeleg å komponere, og angra på at han hadde forlate studiane i heimlandet. Men det må ha gått betre etter kvart, for Gabrieli brukte den store framgangen til Schütz i komposisjon og orgelspel som grunngjeving til å oppfordre grev Moritz til å forlenge stipendet med eit tredje år. Schütz avslutta dei to første åra med å gje ut madrigalsamlinga Il Primo libro di Madrigali, og dediserte denne til greven. Òg etter det tredje året vart han sterkt oppfordra om å halde fram, noko han òg gjorde, no med støtte frå foreldra som truleg var vorte meir positivt innstilt til dei musikalske interessene til sonen. Gabrieli og Schütz knytte openbert eit tett personleg vennskap, og på dødsleiet gav Gabrieli ein av ringane sine til Schütz, som på si side alltid omtalte Gabrieli særs ærbødig og rekna han som sin einaste lærar.

Politisk kasteball Etter at Schütz var tilbake i Kassel i 1613 fekk han stilling som andreorganist ved hoffet til landgreve Moritz. I august 1614 skreiv kurfyrst Johann Georg I. av Sachsen i Dresden til landgreven og bad om å få låne ein organist ved namn Schütz. Dette fekk han, men nekta så å levere han tilbake. Grev Moritz, som jo hadde kosta utdanninga til Schütz, prøvde i fleire førespurnader å få tilbake sin musikalske juvel, men på grunn av den politiske situasjonen var greven avhengig av å stå på god fot med kurfyrsten og måtte til slutt akseptere at Schütz vart verande i kurfyrsten sitt «eige».Rifkin & Timms 1985: s 7-12 I august 1615 vart Schütz fungerande kapellmeister ved hofforkesteret til kurfyrsten i Dresden, på den tida det leiande hoffkapellet i Tyskland. Den formelle tittelen Konsertmeister fekk han ca. 1619 og heldt denne resten av livet. Same år publiserte han Psalmen Davids og gifta seg med den atten år gamle Magdalena Wildeck.

Som kapellmeister hadde Schütz overoppsikten med medlemmene i hoffkapellet og var ansvarleg for all musikk ved hoffet: kyrkjeleg såvel som verdsleg – til underhaldning, ved gudstenestene og ved politiske høve. Dessverre er hans dramatiske verdslege verk (syngespel og ballettar) forsvunne då det vanlegvis berre var teksten som vart trykt.

Trettiårskrigen mini|Heinrich Schütz 1627, året Dafne vart oppført I 1618 braut trettiårskrigen ut med ein så øydeleggjande verknad at han kosta drygt ein tredjedel av den tyske folkesetnaden livet. Kulturlivet vart sjølvsagt sterkt skadelidande og Schütz skreiv: «Som følgje av den vedvarande og farlege krigen i vårt kjære tyske fedreland er den seriøse musikken i store vanskar og ligg mange stader heilt nede».„die löbliche Music von den anhaltenden gefährlichen Kriegs-Läufften in unserm lieben Vater-Lande Teutscher Nation nicht allein in grosses Abnehmen gerathen, sondern an manchem Ort gantz niedergeleget worden“ Derfor måtte han sette ned krava til oppføringspraksis og orkesterstorleik «slik at talentet Gud gav meg i denne edle kunsten ikkje skal verte verande uverksam, men i det minste skape noko».„damit mein von Gott verliehenes Talentum in solcher edlen Kunst nicht gantz ersitzen bleiben sondern nur etwas weniges schaffen und darreichen möchte“Forord til første del av Kleinen geistlichen Konzerte, Leipzig, 1636) I tillegg til krigen kom fleire pestepidemiar.

Heinrich og Magdalena Schütz fekk to døtrer, Anna Justina, fødd i 1621, og Euphrosyne, fødd i 1623. Ektefellane var nært knytte til kvarandre, og då Magdalena døydde alt i 1625, tok Heinrich det særs tungt og gifta seg aldri om igjen. Schütz opplevde at alle hans kjære døydde, som broren Georg og begge døtrene.

For å ikkje miste kontakten med trendane i musikklivet på denne tida, reiste Schütz til Italia i 1628 og var der eitt år. Det er mogeleg at han møtte Claudio Monteverdi, men det er ikkje sikkert. Opphaldet gav Schütz mange nye impulsar, til dømes byrja han å skrive i den nye deklamatoriske monodiske stilen som mellom anna Monteverdi hadde vore med på å utvikle. Òg den første boka i Symphoniae sacrae som han publiserte etter han vendte tilbake til Tyskland i 1629, viser teikn på impuls frå opphaldet i Italia.

Hoffkapellet i Dresden hadde på denne tida så store problem med å forsørgje og lønne medlemmene at Schütz stadig prøvde å finne arbeid utanfor Dresden. Han var derfor glad for å kunne takke ja til eit tilbod frå kong Kristian Kvart i København om å leie musikken ved store bryllupsseremoniar. Schütz oppheldt seg i København i åra 1633–1635 og 1642–1644, og fungerte der som dansk overkapellmeister. Elles arbeidde han som musikalsk rådgjevar ved fyrstehoffa i Hannover, Wolfenbüttel, Gera, Weimar og Zeitz. I høve gravferdsseremonien til prins Heinrich II. Posthumus Reuß komponerte Schütz i 1635/36 Musikalische Exequien, den største og viktigaste komposisjonen hans for slike høve. I 1636 publiserte han første del av Kleinen geistlichen Konzerte og andre del i 1639. Høgdepunktet av hans publikasjonsverksemda kom på slutten av 1640-åra med andre del av Symphoniae sacrae i 1647, i 1648 Geistliche Chormusik og i 1650 tredje og siste del av Symphoniae sacrae.

Seine år mini|Forfalska portrettForfalskinga vart truleg laga til Schütz-jubileet i 1935 og skal forestille Heinrich Schütz anno 1670. Steude 1986, S. 58-61 Frå 1645 sendte Schütz stadig søknader om å få pensjonere seg, med sine 60 år følte han seg gammal og hoffkapellet låg uansett nede. Kurfyrst Johann Georg I. avviste alle søknadene, ofte utan å svare eller ved å returnere breva ulesne.Rifkin & Timms 1985: s 50 Då Johann Georg I døydde i 1656, slo sonen og etterfølgjaren Johann Georg II. saman hoffkapella sine og gav Schütz den etterlengta pensjonen, samt tittelen «ältesten Kapellmeister» som han heldt fram til han døydde.

Schütz nøyt sitt otium i Weißenfels, staden der han voks opp. Frå denne tida stammer «Lukaspasjonen» (rundt 1664), «Matteuspasjonen» (1665) og «Johannespasjonen» (1666), samt «Weihnachtshistorie» (1664). Han siste verk er ei fullstendig tonesetting av Salme 119 (1671), oppdelt i 11 motettar med eit tilhøyrande tysk magnifikat og musikk til Salme 100. Salme 119 er den lengste i Bibelen, og heile verket er gjennomgåande dobbeltkorig. Sidan dette er hans siste verk vert det òg kalla «Schwanengesang».

Schütz døydde i Dresden 87 år gammal og vart gravlagt i den gamle Frauenkirche i Dresden. Gravstøtta forsvann då den gamle kyrkja vart riven i 1727.

Musikalsk stil mini|venstre|Tittelsida tilPsalmen Davids Heinrich Schütz vert rekna som den viktigaste tyske komponisten i tidlegbarokken. Sjølv om han opphavleg fekk organistutdanning, komponerte han nesten berre vokalmusikk. Etter dei tidlege madrigalane med italiensk tekst skreiv han framfor alt vokalmusikk til tyske bibeltekstar, både for gudstenester og til underhaldning ved det fyrstelege taffelet. Schütz sjølv såg det nok som hovudoppgåva si å skaffe til veie musikk for spesielle høve, som store hoff-festar og politiske hendingar.

Schütz starta karrieren sin i eit strålende hoffmiljø og levde fram til kona døydde eit lykkeleg familieliv, men samanfallet av trettiårskrigen, epidemiar og sosiale omveltingar førte til noko han sjølv skildra som eit «nesten uuthaldeleg tilvære».„nahezu qualvolle Existenz“ I berre liten grad vert desse livserfaringane gjenspegla i musikken hans – komponistar på tida hans skildra sjeldan sine eigne kjensler, men såg på seg sjølv, og vart sett på, som handverkarar som produserte det tenesteherren kravde av dei.

Komposisjonane til Schütz er påverka av læraren Gabrieli, av Monteverdi og av nederlandske 1500-talskomponistar. Tidleg i karrieren komponerte Schütz musikk i eit stort og ekspansivt format, men musikken vart etter kvart enklare og nærast spartansk, ein stil som kulminerer med pasjonane. Dei forverra sosiale tilhøva er den mest truleg årsaka til denne utviklinga.

Schütz innførte den nye italienske konserterande stilen med obligat generalbass til Tyskland og samla den med tysk bibelprosa. Hans meisterlege «omsetjing» av tyske tekster til musikk – preget av erfaringane med den italienske madrigalen – har alltid trollbunde publikum. Bortsett frå bibelprosaen, med særleg vekt på Salmane, sette han sjeldan tekst til rim eller strofisk tekst. Dette kan skuldast at han ikkje fann tyske tekster etter det italienske madrigal-mønsteret og ikkje såg seg i stand til å skrive slike sjølv Schütz samarbeidde uansett med kjente diktarar, til dømes førte samarbeidet med Martin Opitz til pastoralkomedien Dafne. Musikken er tapt, og ein veit ikkje sikkert om dette var ein gjennomkomponert opera eller eit teaterstykke med musikk.