Benedetto Marcello (fødd mellom 24. juli og 1. august 1686 i Venezia; død 24. eller 25. juli 1739 i Brescia) var ein italiensk komponist av barokkmusikk.

Benedetto Marcello stamma frå ein advokatfamilie, studerte jus og hadde høge offentlege stillingar i den venetianske republikken.

Alt som ung publiserte han songar og sonettar. Han studerte komposisjon hos Francesco Gasparini (1668–1727) og Antonio Lotti (rundt 1667–1740). Marcello dyrka komposisjon som ein hobby ved sidan av sine offentlege verv og han vart derfor kalla nobile Veneto dilettante di contrappunto, dvs. ein amatørkomponist.

Òg broren Alessandro Marcello var ein ganske framgangsrik amatørkomponist.

Nokre verk av Benedetto Marcello: Concerti a 5 stromenti (1701) Cellosonatar op. 1 (1712) 12 fløytesonatar op. 2 (1712) 10 cembalosonatar op. 3 (1712) Canzoni madrigalesce ed arie per camera a 2, a 3, a 4 voci (1717) Gioa (Oratorium, o.A.) Salve (o.A.) Tantum ergo (6-stemmig) Eit allegorisk oratorium: Il trionfo della poesia e della musica nel celebrarsi la morte, la esaltazione e la coronazione di Maria (o.A.)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Benedetto Marcello» frå , den 17. juli 2010. oppgav desse kjeldene: Eleanor Selfridge-Field: The music of Benedetto and Alessandro Marcello. A thematic catalogue, with commentary on the composers, repertory and sources. Clarendon Press, Oxford 1990, ISBN 0-19-316126-5

Bakgrunnsstoff

Gratis noter i Kantoreiarchiv

Kategori:Fødde i 1686 Kategori:Døde i 1739 Kategori:Italienske komponistar Kategori:Barokkomponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Folk frå Venezia