Johann David Heinichen () var ein tysk barokkkomponist og musikkteoretikar.

Far til Johann David Heinichen, Michael Heinichen, hadde studert musikk ved den prestisjetunge Thomasschule Leipzig, og var kantor i Pegau og pastor ved landsbykyrkja i Krössuln. Johann David gjekk òg på Thomasschule i Leipzig der han studerte musikk med Johann Schelle og seinare tok orgel- og cembaloleksjonar hos Johann Kuhnau.

Frå 1702 studerte Heinichen jus ved universitet i Leipzig, og vart jurist i 1705-1706. Tidleg på 1700-talet var jus-studiet ein vanleg utdanningsveg for komponistar, òg Kuhnau, Graupner og Georg Philipp Telemann var juristar. Heinichen praktiserte som jurist i Weissenfels til 1709, men var framleis interessert i musikk og komponerte samstundes operaer. I 1710 publiserte han den første utgåva av avhandlinga si om generalbass. Han budde i Italia, stort sett i Venezia, i sju formative år.

I 1717 vart han kollega med Johann Sebastian Bach ved hoffet til Prins Leopold av Anhalt-Köthen, seinare kapellmeister ved det saksiske hoffet i Dresden der lutheranaren Heinichen komponerte mykje katolsk kyrkjemusikk. I 1721 gifta Heinichen seg i Weissenfels og det einaste registrerte barnet hans vart fødd i januar 1723.

Heinichen leid av tuberkulose og hadde i sine siste år særs dårleg helse slik at kollegaene hans Jan Dismas Zelenka og Giovatni Alberto Ristori (1692-1755) ofte måtte utføre oppgåvene hans.

I sine siste år underviste han Johann Georg Pisendel og Johann Joachim Quantz i komposisjon og arbeida på avhandlinga si om generalbass. Dette verket er ein av dei viktigaste kjeldene til musikkteorien på 1700-talet.

Musikken til Heinichen opplever fornya interesse, nokre av messene hans og det siste verket hans, eit Magnificat, er vorte spelt inn på CD.

Sjå òg Kvintsirkelen vart først publisert av Heinichen i Der General-Bass in der Composition (1728).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johann David Heinichen» frå , den 16. juli 2010.

Bakgrunnsstoff Biografi på classical.net Deutsche Grammophons katalog over Heinichen CD Urtext av instrumentalmusikk frå Prima la musica!

Kategori:Folk frå Dresden Kategori:Barokkomponistar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Tyske musikkteoretikarar