mini|Sida på eit treskip vert kalfatra og tjørebreidd. I seglskutetida vart ofte skipet kjølhalt for å få arbeidet gjort på den delen av skuta som elles låg under vatn. mini|Kalfatring av ein trebåt. Å kalfatre (gjennom nederlandsk kal(e)fat(er)en frå arabisk qálfata, «tjørebre eit skip», kanskje er opphavet latin) vil seie å tette med stry mellomromma, natane, mellom plankane i skroget på skip, båtar og på båtdekk av tre, for deretter å forsegle med smelta bek, kitt eller høveleg kunststoff for å gjere det vasstett. Til å banke ned stryet i natane vert nytta ein tung hammar av tre og eit kalfatjarn. mini|venstre|Verktøy til kalfatring: hammar av tre, forsterka med jarnringar, og kalfatjarn. Her er det dekket som vert gjort vasstett ved kalfatring. Å omkalfatre, som er å erstatte gamal nating med ny, altså å kalfatre omatt, er brukt i overført tyding om å snu opp-ned på noko.
Kjelder
«Kalfatre» hjå Store norske leksikon, innhenta 6. juli 2010 (lisensiert under CC-BY-SA). «Kalfatre» i Nynorsk- og bokmålsordboka, innhenta 6. juli 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipsterminologi Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Nederlandske ord og uttrykk