Njeld Larsson Kolbenstvedt () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Suldal i Rogaland. Lars Olsson Kolbeinstveit var far hans.

Kolbenstvedt voks opp på garden Våge i Suldal. I 1851 tok han eksamen ved Østraad landbruksskule, tok i 1855 tok over slektsgarden Kolbeinstveit. Frå 1862 var han utskiftingsformann og. I 1879 vart han tilsett som lensmann i Sand, flytta dit året etter.

Kolbenstvedt var ordførar i Suldal i periodane 1856-59, 1862-63, 1866-69 og 1876-80. 1859-79 var han med i forlikskommisjonen, og han var styremedlem i den lokale sparebanken. Medlem av heradsstyret i Sand og i sparebankstyret der, etter han flytta dit.

Kolbenstvedt vart vald inn på Stortinget 1865-66 for Stavanger amt. Deretter hadde han stortingsplass heilt fram til 1891. Mellom 1883 og 1888 representerte han Venstre på Stortinget. I den siste perioden, 1889-91, representerte han Det Moderate Venstre. Han var medlem av vegkomiteen 1865-66, sekretær i justiskomite nr 1 frå 1869 til 1874, sekretær i justiskomiteen 1875-76, sekretær i skattekomiteen 1875-79 og 1882, samt sekretær i vegkomiteen 1880-91.

Kolbenstvedt var medlem av Lagtinget frå 1877 til 1891 og var såleis meddommar i riksrettsaka der Selmer-regjeringa vart dømd, ei sak som opna for innføringa av parlamentarismen i norsk statsskikk. Han var medlem av ein kongeleg kommisjon om utskiftingslova 1874. Året før, 1873, var han med i deputasjonen Stortinget sende til kroninga av kong Oscar II i Stockholm.

Kolbenstvedt døydde på Sand i 1900.

Kjelder Drange, Ernst Berge: Kolbenstvedt (Kolbeinstveit) -ei framståande slekt frå Suldal. I: Folk i Ryfylke 2005 Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Ordførarar i Suldal Kategori:Folk frå Suldal