Steve Mandanda () er ein kongolesisk-fransk fotballspelar som har spela som keeper for Marseille i fransk Ligue 1, og for det franske landslaget. Han vart fransk seriemeister i 2010 med Marseille. I 2008 vart han kåra til årets keeper i Ligue 1, ei bragd som han gjentok i 2011, 2015 og 2016. Han debuterte for A-landslaget 27. mai 2008 i ein vennskapskamp mot Ecuador, som Frankrike vann 2-0. Han var med i Frankrike sin tropp til fotball-EM i 2008 som ubrukt reserve. På starten av VM-kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 var han førsteval som landslagskeeper, men sommaren 2009 vart han erstatta av Hugo Lloris, og under fotball-VM i 2010 var han andreval på keeperplassen. I 2012 var han òg med i EM-troppen som ubrukt reservekeeper.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Kongolesiske fotballspelarar Kategori:Le Havre-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2021 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022