Simon Nikolai Kildal () var ein norsk prest og stortingsmann.

Kildal var fødd i Steigen, der far hans var prest. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1817 og cand. theol. i 1822. Sokneprest i Skjervøy i eitt år frå 1823. Deretter sokneprest i Trondenes frå 1824 til han døydde.

Han var 2. representant frå Finmarkens amt (både Finnmark og Troms) på Stortinget, både i 1827, på overordentleg storting 1828 og Stortinget 1830. I 1827 var han formann i redaksjonskomiteen og medlem av budsjettkomiteen. Også med i budsjettkomiteen i 1830, og formann i gasje- og pensjonskomiteen.

Kildal døydde i Trondenes i 1837.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Steigen