Hans Wølner Kofoed () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Kofoed var fødd i Skien, der faren var apotekar. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1800. År 1806 vart han fungerande sysselmann og heradsdommar i Gullbringe og Kjosa syslar på Island. I 1813 kom han tilbake til Noreg og vart då overbergamtsskrivar på Kongsberg, året etter vart han i tillegg byfut, byskrivar og skifteforvaltar. Frå 1837 var han sorenskrivar i Numedal og Sandsvær.
I 1821 representerte Kofoed Kongsberg på Stortinget. Grunna sjukdom møtte han ikkje på det overordentlege storting 1822.
Kofoed døydde på Kongsberg i 1849.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Skien