mini|«Akerselva ved Beierbrua med Glademøllen». Litografi av Peter Frederik Wergmann (1802-1869) med Nedre papirmølle, seinare kalla Glads mølle. Fredrik Glad () var ein norsk gardbrukar, papirfabrikant og stortingsmann frå Christiania.

Glad var son av ein kjøpmann i Christiania. Sjølv vart han student i 1777. To år etter overtok han storgarden Grefsen og Nedre papirmølle i Aker. Eit par år seinare gifta han seg med 15-16 år gamle Johanne Dallas, ei dansarinne ved Det Kongelige Teater i København, men opphavleg frå Hamburg.

Glad var 1. representant frå Akershus amt på Stortinget 1815-16. Han var medlem av fem komitear, mellom andre av komiteen om odelslova og komiteen for land- skog- og bergvesen.

Han styrte interessene sine frå Grefsen livet ut og døydde der i 1840.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske handelsfolk Kategori:Politikarar frå Oslo