Henrik Carstensen () var ein norsk skipper, kjøpmann, trelasthandlar, skipsreiar og eidsvollsmann frå Aust-Agder.
Carstensen var fødd på Risøya i Søndeled, far hans var skipper og gardbrukar. Sjølv reiste han til sjøs i yngre år, vart skipper i 1775. Frå 1780 var han skipper på eiga skute. I 1788 tok han til med handel i Risør, dreiv både trelasthandel og eit skipsbyggeri. År 1799 kjøpte han Egelands jarnverk med alt sitt eige. Kring den tid kjøpte han mange skogseigedomar, dreiv både sagbruk og mylner, tobakksspinneri og brenneri. I krigstida frå 1807 utrusta han fleire skip som tok del i kaperkrigen.
I 1814 var Carstensen utsending frå Risør til riksforsamlinga på Eidsvoll. Han mangla politiske kvalifikasjonar, til å byrje med fylgde han unionspartiet, for så å gå over til sjølvstendepartiet.
Carstensen døydde ugift i Søndeled i 1853, let etter seg ein stor formue.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Norske trelasthandlarar Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Risør