Henrik Lauritz Nicolai Steenbuch () var ein norsk jusprofessor og stortingsmann.
Steenbuch var fødd i Melhus, der faren var sokneprest og prost. Sjølv vart han student frå katedralskulen i Trondheim i 1793. Folketeljinga for 1801 viser at han då budde på prestegarden i Melhus hos mor si, som hadde vorte enke året før.
Steenbuch tok latinsk juridisk eksamen i 1810 med karakteren laud, både i den teoretiske og praktiske eksamenen. Han var fyrst, 1812, prokurator i Helsingør, frå 1814 i Trondheim. 25. mars 1816 vart Steenbuch lektor i lovkunne ved universitetet i Kristiania, i februar 1818 utnemnd til professor juris.
Steenbuch var 1. representant frå Kristiania på Stortinget 1827, og på det overordentlege storting i 1828. Både i 1827 og 1828 var han medlem av fullmaktskomiteen, i 1827 mellom anna av komiteen om Larvik grevskap og i 1828 av komiteane om vernepliktslova og om 17. mai.
Han døydde ugift i Kristiania i 1839.
Verk Afhandling om hvilke Benævnelser Norges Land, Folket og dets Sprog findes tillagte, 1843 Angaaende Ophævelsen af Grundlovens 79de Paragraf, 1823 Et Par Ord i Anledning af Regjeringsadvocat Morgenstjernes Undersøgelse om Udsættelse med Bankens Forpligtelse [...], 1818 Dissertatiode coronationibus regum Norvegiae antiquiorum, 1818 Anmærkninger ved Constitutionsforslagene af 1815 og 1816, 1817
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia
Kategori:Norske jusprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Folk frå Melhus