Thomas Bryn () var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Kongsberg.

Bryn var son av Thomas Thomassen Bryn (1756-1830) som var damstigar og bergmusikant ved Kongsberg Sølvverk. I yngre år var han tilsett på stiftskontoret for Akershus, og på kontoret til forsyningskommisjonen. Han tok norsk juridisk eksamen i 1805, og heldt fram som fullmektig hos forsyningskommisjonen i tre år. I 1810 vart han utnemnd til sorenskrivar i austre Råbyggelaget, budde då på Nes i Herefoss. År 1816 vart han byfut og sorenbirkeskrivar i Larvik grevskap.

Til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 møtte Bryn som utsending frå Råbyggelaget. Han slutta seg der til unionspartiet. Sameleis representerte han Råbyggelaget på overordentleg storting 1814 og på Stortinget 1815-16. I 1814 var han sekretær i Lagtinget, 1815-16 visesekretær i Stortinget og Odelstinget. Han var då, 1815-16, medlem av fire komitear, der i mellom kyrkjekomiteen og om kyrkjelyden sin forkjøpsrett til soknekyrkja. Innvald på Stortinget 1827 for Larvik og Sandefjord, var då sekretær i Stortinget og i kyrkjekomiteen.

Bryn døydde i Larvik hausten 1827.

Kjelder Tallak Lindstøl:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 138

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar for Larvik og Sandefjord Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Kongsberg