John Aas () var ein norsk prest og stortingsmann.

John Aas var son av ein proviantskrivar ved Røros koparverk . Han nedstamma i sjette ledd frå bonden Hans Olsen Aasen, som oppdaga koparmalmen ved Røros. Etter å ha gått på koparverket sin folkeskule i heimbygda, reiste han i 1805 til Trondheim og tok til på latinskulen i byen. Derifrå vart han student i 1813 og tok då til å studere ved universitetet i Christiania, han var den fyrste innskrivne studenten.

I 1818 tok Aas teologisk embetseksamen med laud. Året etter vart han utnemnd til personalkapellan ved Akershus slottskyrkje og for Aker kyrkjelyd. I 1820 vart han oppmoda om å søke embete som sokneprest til Gjerstad i Nedenes amt. Han var sidan prest i Gjerstad livet ut. 1846-66 var han i tillegg prost i austre Nedenes. I mange år var han ordførar i heradet, der han arbeidde for forbetringar i skule- og fattigstellet, og i jordbruket. Han sat 14 år i forlikskommisjonen.

Aas representerte Nedenes amt på stortinga 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 og 1836-37 var han medlem av kriminallovkomiteen, 1842 var han sekretær i Lagtinget og medlem av næringskomite nr 1. I 1845 var han medlem av Lagtinget og kyrkjekomite nr 1. Han var då med i riksretten.

Verk Gjerestads Præstegjeld og Præster (1869)

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Røros