Rote Armee Fraktion, eller den «Raude armé-fraksjonen» (RAF) var ei venstreradikal terroristgruppe ansvarleg for ei rad terroraksjonar frå 1970 til byrjinga av 1990 talet. Gruppa var samansett av m.a. Andreas Baader, Gudrun Ensslin, Horst Mahler, Ulrike Meinhof med fleire. RAF vart skipa i 1970 i Tyskland, og løyste seg sjølv endeleg opp i 1998.
RAF ynskte etter førebilete av søramerikanske motstandskjemparar, særskilt Tupamaroane i Uruguay, å føre ein væpna kamp som bygerilja mot «systemet». «Systemet» tyda i RAF sitt høve den kapitalistiske staten og «den amerikanske imperialismen». Denne undergrunnskampen var meint å styrke den internasjonale «fridomsrørsla». Grunna terroraksjonar eller gisseltakingar vart 34 personar drepne og eit større tal skadde. I tillegg døydde 20 medlemmer av RAF.
I media i samtida vart RAF ofte omtala som «Baader-Meinhof gruppa» eller «Baader-Meinhof banden». I dag nyttar ein normalt det sjølvvalde, raude arme-inspirerte namnet.
Ser ein på utviklinga av RAF er det mogleg å skilje fleire ulike «generasjonar», med liten eller ingen personleg samanheng mellom seg. Desse «generasjonane» skilde seg frå kvarandre i organisasjonsstrukturen, og hadde også endringar i både teori og praksis.
Kronologisk oversyn over RAF
Opphav
Den første RAF-generasjonen kom i hovudsak frå den militante fløyen av ulike venstregrupperingar, kommunistiske utbrytarparti (“K-grupper”) av den oppløyste (“utanomparlamentariske”) opposisjonelle studentrørsla (APO, außerparlamentarischen opposition) mot slutten av 1960 talet.
Etter strategidiskusjonar i studentrørsla om legitimiteten til “vald mot ting” sette Baader og Ensslin saman med Thorwald Proll og Horst Sohnlein 2. april 1969 fyr på to varehus i Frankfurt. Brannane skulle vere ein protest mot Vietnamkrigen. Brannstiftarane vart arresterte to dagar seinare og 31. oktober 1968 vart Baader, Ensslin, Proll og Söhnlein dømde til fleirårige fengselsstraffer. Under rettssaka trefte Ensslin journalisten Ulrike Meinhof for første gong. Saka vart anka til forbundsretten, og dei fire slapp ut av fengselet med plikt til å melde seg regelmessig for politiet.
Då forbundsretten stadfesta den tidlegare dommen gjekk brannstiftarane under jorda. Saman med forsvararen deira, Horst Mahler bestemde dei seg for å grunnleggje ein bygerilja-tropp etter latinamerikansk førebilete (jf. “Minihandbuch des Stadtguerilleros” av Carlso Marighella og “fokusteorien” til Che Guevara og Régis Debray). Denne planen vart endå ikkje gjennomført grunna arrestasjonen av gruppeleiaren Andreas Baader. Den første aksjonen til RAF vert slik rekna for å vere den følgjande frigjeringa av Baader.
Frigjeringa vart gjennomført 14. mai 1970. Andreas Baader var ført til Berlin sitt “Institutt for sosiale spørsmål” då journalisten Ulrike Meinhof hevda ho ville skrive ei bok om barneheimsungar saman med han. Høvet vart nytta til å frigjere Baader ved bruk av skytevåpen, og ein tilsett ved instituttet, Georg Linke, vart alvorleg skadd av eit skot.
I oppbyggjingsfasen fekk gruppa merksemda til staten gjennom ei rad av bankran, køyretøy- og dokumenttjuveri. RAF steig ut i allmenta i april 1971 med strategiskriftet “Bygeriljakonseptet” (“Das Konzept Stadtguerilla”). Skriftet gav grunnlaget til ei landsomfattande jakt på dei om lag femti gruppemedlemmane.
Endå ein i litteraturen ordskiftast om brannstiftingane i Frankfurt var den eigentlege skipinga av RAF, vert normalt frigjeringa av Baader rekna som den eigentlege skipingsaugneblinken til RAF. Dette svarar og til sjølvforståinga til RAF.
Den første generasjonen
Den “første generasjonen” (Andreas Baader, Gudrun Ensslin, Holger Meins, Ulrike Meinhof, Jan-Carl Raspe og andre) var aktiv frå 1970 til 1972. Dei leiande medlemmane vart arresterte i juni 1972, reist tiltale mot i mai 1975 og, etter 192 dagar i retten, dømde til livsvarig fengsel for mellom anna mord.
I fengselet klaga terroristane over dei skjerpa fengslingsvilkåra som dei hadde. Dei omtala vilkåra som “isolasjonstortur” (jf. Den europeiske menneskerettskonvensjonen) og kravde, mellom anna, ei oppheving av statusen deira som krigsfangar. For å legg vekt til krava vart det gjennomført fleire sveltestreikar, noko som resulterte i at Holger Meins døydde i Wittlich-fengselet 9. november 1974. Aksjonane fekk og, med hjelp frå forsvararane deira (som til dømes dei seinare sjølve tiltala advokatane Horst Mahler og Klaus Croissant), resonans i allmenta. Mellom dei kjende forsvararane til den første RAF-generasjonen finn ein seinare ”Die Grünen” (eit av venstrepartia i Tyskland) politikarane Hans-Christian Ströbele og noverande innanriksminister Otto Schily.
Den franske filosofen Jean-Paul Sartre var ein av dei som prøvde mekle i striden om fangane.
Den 25. april 1975 hærtok seks tyske terroristar under namnet “Kommando Holger Meins” delar av den tyske ambassaden i Stockholm, og kravde at dei fengsla RAF-toppane vart sett fri.
Etter at Forbundsregjeringa ikkje etterkom krava vart militærattattachéen oberstløytnant Andreas von Mirbach og økonomiattachéen Heinz Hillegaart drepne.
Ein av terroristane utløyste ved eit mistak ein eksplosjon, som sette bygningen i brann. Brannen tok livet av terroristen Ulrich Wessel, og påførte RAF-medlemet Siegfried Hausner skader som han seinare døydde av. Dei fire siste RAF-medlemmane vart seinare dømde.
thumb|300px|Justizvollzugsanstalt Stuttgart-Stammheim
Leiande medlemmar av den "første generasjonen" døydde mellom 1976 og 1977 i fengselet. Etter at Ulrike Meinhof døydde, etter opplysningar frå styresmaktene grunna sjølvmord, kom hausten 1977 sjølvmorda til Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe. I mellomtida mislukkast både bortføringa av Hanns-Martin Schleyer og kapringa av Lufthansa-flyet Landshut i å tvinge styresmakta til å sette fangane fri.
Irmgard Möller var den einaste av dei fengsla som overlevde. Ho avfeiar den dag i dag styresmaktene si offisielle forklaring om eit planlagd, kollektivt sjølvmord. Omstenda rundt dødsfalla har gjeve grobotn for tvil i høve til dei offisielle forklaringane. Kort tid etter dødsfalla rapporterte vekemagasinet Stern at ein grunna byggjearbeid hadde slege av alarmsløyfene knytt til nødutgangstrappa i fengselet. Slik kunne uautoriserte personar fått tilgang til fangane. Enkelte har mistanke om innblanding frå tryggingstenestene; konkrete prov på dette finst likevel ikkje. Dei "tekniske" omstenda rundt sjølvmorda; måten mordvåpna vart nytte på, nyttar skeptikarar som grunnlag for å stille spørsmål ved sjølvmordstesa. Også noverande innanriksminister Otto Schilly ytra den gong tvil i høve til sjølvmordsforklaringa.
Den andre generasjonen
Den “andre generasjonen” voks fram etter arrestasjonane av stordelen av den første generasjonen, og prøvde hausten 1977 (“den tyske hausten”) å tvinge staten til å frigjere den fengsla “første generasjonen" gjennom kidnappinga av leiaren for arbeidsgjevarforbundet; Hanns-Martin Schleyer.
For å auke trykket på forbundsregjeringa, kapra ei gruppe arabiske terroristar Lufthansa-passasjerflyet Landshut, og førte det til Mogadishu i Somalia, og tok passasjerane som gissel. Gisseltakinga tok slutt etter at krisestaben til forbundsregjeringa (under forbundskansler Helmut Schmidt (SPD)) fekk til ein avtale via den tyske forhandlingsleiaren Hans-Jurgen Wischnewski med den somaliske regjeringa under Siad Barre. Spesialkommandoane i grenseforsvarsgruppa GSG9 frigjorde det kapra flyet utan å skade ein einaste passasjer. Tre av dei fire gisseltakarane vart skotne, den siste; Souhaila Andrawes overlevde.
Få timar etter frigjeringsaksjonen tok, etter den offisielle forklaringa, Baader, Ensslin og Raspe sjølvmord i cellene sine i Stammheim-fengselet i Stuttgart, den såkalla “Stammheim-dødsnatta”. Deretter gjennomførte den nye RAF-generasjonen truslane sine, og drap Hanns-Martin Schleyer.
Medlemmar av den "andre generasjonen" fekk organisatorisk og finansiell hjelp frå DDR. Vidare lukkast det enkelte RAF-medlemmar med hjelp frå Stasi å gå under jorda i DDR. Etter at DDR braut saman i 1989 vart medlemmane sine nye identitetar avdekte. Susanne Albrecht, Inge Viett, Werner Lotze, Ekkehard Freiherr von Seckendorff-Gudent, Christine Dümlein, Monika Helbing, Silke Maier-Witt, Henning Beer, Sigrid Sternebeck og Ralf-Baptist Friedrich vart dømde for dei straffbare handlingane sine. Då dei var viljuge til å gje opplysningar fekk fleirtalet status som hovudvitne. Dei tidlegare støttespelarane i DDR vart ikkje førte for retten.
Den tredje generasjonen
Den "tredje generasjonen", var etter informasjon frå den tyske overvåkingstenesta (BfV) ei samanslutning av opptil 250 personar. Desse vert skulda for gjennomføringa av sabotasjeaksjonar og fleire mordanslag. Dei avretta kjende personar frå tysk politikk og næringsliv. Den "harde kjernen" omfatta om lag 15 - 20 personar.
Dei vert m.a. skulda for attentatet på Siemens-direktøren Karl Heinz Beckurts, sjefen for Deutsche Bank Alfred Herrhausen og sjefen for Treuhandanstalt Detlev Karsten Rohwedder. Granskinga av desse dødsfalla er enno ikkje avslutta.
Den 4. juli 1993 kom det til skotveksling i Bad Kleinen ved Scwerin under arrestasjonen av RAF-medlemmane Wolfgang Grams og Birgit Hogefeld. Den 26-årige GSG-9-tenestemannen Michael Newrzella og Grams døydde. Etter opplysningar frå den seinare granskinga skaut Grams, etter at han hadde drepe Newrzella med ein medbrakt pistol, seg sjølv for å unsleppe arrestasjonen. Særskilt i sympatiserande kretsar spreidde mistanken om at Grams vart skoten av ein GSG-9-mann seg.
Då ein gjekk omstenda rundt operasjonen nærare i saumane kom det fram vesentlege manglar ved rapporten frå dei ulike etterforskingsorgana. Ein fann og manglar ved sikringa av spor. Grunna den offentlege debatten som følgde gjekk den dåverande innanriksministeren Rudolf Seiters av, og forbundsadvokaten Alexander von Stahl vart seinare avsett.
Wolfgang Grams vert skulda for å ha drepe sjefen for Treuhandstat, Detlev Karsten Rohwedder, den 1. april 1991 i Düsseldorf. Forbundsadvokatkontoret gjorde kjend at ein gjennom ei DNA-analyse av spor på åstaden hadde klare prov på at Grams var medskuldig.
Den 15. september 1999 vart Andrea Klump og Horst Ludwig Meyer tekne av den austerrikske politiet. Ved ei skotveksling døydde Meyer. Han vart skulda for å ha delteke i det planlagde drapet på Beckurts. Grunna dødsfallet til Meyer vart saka endå ikkje handsama i rettssystemet. Skuldinga om at Klumps var RAF-medlem er ikkje klarlagd, og i ein rettsprosess vart denne kalla attende.
Oppløysinga av RAF
Den 20. april 1998 vart ei erklæring på åtte sider gjort kjend, der RAF oppløyste seg sjølv. I erklæringa stod det: "For snart 28 år sidan, den 14. mai 1970, oppstod i ein frigjeringsaksjon RAF. I dag avsluttar vi dette prosjektet. Bygeriljaen i form av RAF er no historie."
Teksten i oppløysingserklæringa er offentleggjort på verdsveven (på tysk) sjå : und .
Personar og aksjonar
Oversikt over RAF-aksjonar