Just Henrik Ely () var ein offiser og eidsvollsmann.

Ely var fødd i Stavanger, som son av ein offiser og seinare tollar. Han vart korporal tolv år gammal, furer to år etter, og etter nye to år vart han i 1776 sersjant. I 1782 vart han sekondløytnant ved det vesterlenske infanteriregiment, forfremja til premierløytnant i 1786. År 1800 vart han kaptein for regimentet. I 1811 vart han major, fekk vartpengar frå 1818.

Ely var i 1814 1. utsending frå vesterlenske regiment til riksforsamlinga på Eidsvoll. Ein veit ikkje om han røysta med sjølvstende- eller unionspartiet.Det kan vere at han var ein av dei Jacob Aall kalla «tvilerne»; dei som ikkje røysta konsekvent eller ikkje avslørte kor dei stod politisk.

I 1814 budde Ely og kona i Kongens gate 66 i Kristiansand, huset hadde han kjøpt tre år tidlegare. Han budde her fram til han døydde i 1824. Huset gjekk tapt i bybrannen i 1892.

Kjelder

Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve, side 214

Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Stavanger