Hertugdømet Magdeburg (tyskHerzogtum Magdeburg) var ein provins i Brandenburg-Preussen frå 1680 til 1807. Hovudstaden i hertugdømmet var Halle an der Saale fram til 1714, deretter Magdeburg.
Magdeburg var opphavleg eit erkebispedøme. Frå 1545, under reformasjonen, blei det styrt av sekulære fyrstar. Ved Freden i Westfalen i 1648 blei området ein del av Markgrevskapet Brandenburg. I 1701 blei det saman med kurfyrstedømet Brandenburg (Kurfürstentum Brandenburg) ein del av det nyoppretta Kongeriket Preussen.
mini|venstre|Hertugdømmet Magdeburg (blått) innanfor dagens Sachsen-Anhalt (grått). Byen Magdeburg ligg i det øvste mørke området, Halle an der Saale i det nedste.
Under Napoleonskrigane blei Preussen nedkjempa i 1806, og hertugdømet blei oppløyst ved freden i Tilsit året etter. Ved Wienerkongressen i 1815 blei det innlemma i provinsen Sachsen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hertugdømmet Magdeburg» frå , og «Duchy of Magdeburg» frå den 22. mai 2010.
Kategori:Tidlegare fyrstedøme Kategori:Provinsar i Preussen