Frotveit er ein gard i Fana i Bergen kommune ved Bontveitvegen i den tronge dalen om lag 6 km nordaust for Kalandsvatnet, vest for Frotveitvatnet.
Det er framleis gardsdrift på garden.
Det ligg ei lysløype på garden frå Bontveitvegen i ei sløyfe 3,7 km tilbake igjen. Løypa har vore i bruk sidan 1985 for treningføremål og vart etablert i lag med Frotveit skiskyttarlag og andre idrettslag. Sidan løypa ligg kring 300 meter over havet, er her ofte snø om vinteren.
Namn mini|venstre|Frotveitvatnet. Hausdalshorga (784 moh) i bakgrunnen Namnet kjem frå det norrønt Fróðaþveit, som kjem av mannsnamnet Frode og tveit, som tyder «lite jordstykke».
Historie I mellomalderen høyrte garden til Nonneseter kloster, men vart i 1528 overteke av Vincens Lunge. Frå kring 1650 var garden ein del av godset til Hannibal Sehested, og frå 1680-åra høyrte han til lektoratet ved Latinskolen. I 1741 tok Seminarum Fredricianum over garden, og sidan 1835 var garden i bondesjølveige.
Geografi Garden ligg i dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet og oppover mot Bontveit, mellom Solbakkafjellet (458 moh) i sør, Frotveitsvatnet, Lundåsane (361 moh) og Orruta (358 moh) i aust, Ulvursfjellet (677 moh) i nord og vest.
Garden grensar til Riple i vest, Bontveit i nord, Lund i nordaust, Håland i aust, Fjelltveit i sør og Gimmeland i sørvest.
Kjelder
Bergenskart - stednavnskart
Bakgrunnsstoff
Kategori:Gardar i Fana