Jon Hellesnes () er ein norsk forfattar og filosof. Han budde på Sandane i Gloppen kommune til han var 14 år. Hellesnes begynte i 1985 som professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, der han gjekk av med pensjon i 2007. Han heldt fram som professor II ved Høgskulen i Volda til 2008. I tillegg har han vore gjesteforelesar ved fleire universitet i Tyskland og ved University of Virginia i USA.

Han har skrive fleire bøker, både på norsk og fleire andre språk. Dei fleste bøkene hans handlar om filosofi. Hellesnes har gitt ut spenningsromanar under pseudonymet Alexander N. Wilken. Hellesnes er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.Professor emeritus Jon Hellesnes 70 år. Fødselsdagsomtale i Aftenposten Kultur 16. september 2009 side 12.

I 1995 vann han Melsom-prisen. I 2010 vart han tildelt Språkprisen for Illusjon?.

Bibliografi Bøker

I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jon Hellesnes» frå , den 5. mai 2010.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Jon Hellesnes i Allkunne.no

Kategori:Norske filosofiprofessorar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Folk frå Voss Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Forfattarar frå Gloppen Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske kriminalforfattarar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab