Nicklas Bendtner () er ein dansk fotballspelar som har spela for norske Rosenborg Ballklub.

Bendtner drog til Arsenal i England som 16-åring. Som 18-åring i 2006 vart han lånt ut til Birmingham City i nest høgste divisjon for heile 2006/07-sesongen, der han vart fast på laget. Han vart Birmingham sin toppskårar i ligaen med 11 mål den sesongen. Tilbake i Arsenal spelte han frå start for første gong i Premier League 29. desember 2007 mot Everton. Han skåra det første Premier League-målet sitt som innbytar 22. desember 2007 mot Tottenham Hotspur.

Bendtner var den yngste spelaren i den danske troppen til U21-EM i 2006. Han debuterte for det danske A-landslaget 16. august 2006 i ein vennskapskamp mot Polen, der han skåra eitt mål. Han vart kåra til årets spelar i Danmark i 2009.

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Nottingham Forest-spelarar Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Folk frå København