Henri Namphy () var president i Haiti frå 6. februar 1986 til 7. februar 1988, og frå 20. juni til 17. september 1988.

Namphy var general, og vart interimpresident då regimet til Jean-Claude Duvalier fall i 1986, og fram til eit strengt militærkontrollert val, der Leslie Manigat vann, vart halde i februar 1988. Berre fire månader etter tok Namphy makta att, men vart avsett i september 1988 ved eit kupp som førte general Prosper Avril til makta.

Kjelder «Henri Namphy» på Wikipedia på bokmål, innhenta 30. april 2010. «Henri Namphy» hjå Store norske leksikon, innhenta 30. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).

Kategori:Haitiske politikarar Kategori:Haitiske presidentar Kategori:Folk frå Cap-Haïtien