Sonja Agnes Weyergang Hagemann () var ein norsk litteraturhistorikar og litteraturkritikar frå Oslo.

Sonja Weyergang voks opp i Kristiania og tok eksamen i statsøkonomi ved Universitetet i Oslo i 1919. Den fyrste arbeidsplassen hennar var koparstikksamlinga ved Nasjonalgalleriet. Seinare jobba ho m.a. som sekretær hjå Statens Prisdirektorat. I 1925 gifte ho seg med lækjaren Otto Hagemann.

Familien busette seg i Rogaland fram til femtitalet, og her jobba Sonja friviljug med folkeopplysning og på bibliotek. I 1946 kontakta ho Dagbladet og spurde om å få vera kritikar av barnebøker, og ho vart den fyrste barnebokkritikaren i avvisa; denne stillinga hadde ho i 25 år til 1971. Ho hadde eit uttrykt mål om å utvikla ein fagleg fundert kritikk av barnebøker som skulle framheva dei litterære kvalitetane deira. Ho interesserte seg for kvalitetslitteratur, og avviste meir "populære" barnebøker. I mange år sat ho både i den rådgjevande komiteen for skuleboksamlingane og i juryen for barnebokprisen til Kyrkje- og kulturdepartementet.

I 1965 gav Hagemann ut det fyrste bindet i trebindsverket Barnelitteratur i Norge. Ho skreiv òg ei avhandling som bygde på dette fyrste bindet, og fekk lisensiatgrad for det i 1967. Det andre bindet kom ut i 1970, og det siste i 1974. Ho er vorten særskilt namngjeten for dette verket, og det la grunnlaget for all undervisning om norsk barnelitteratur i fleire tiår.

Hagemann hadde også ei stor interesse for illustrering av barnebøker. Ho bidrog til mange artiklar om illustratørar i Norsk kunstnerleksikon. Den siste boka ho skreiv, handla om illustrasjonane i norske barnebøker. Ho fekk namnet De tegnet for barna. Norske kunstneres illustrasjoner i bøker for barn, og vart utgjeven posthumt i 1986.

Hagemann mottok Norsk kulturråds ærespris for arbeidet sitt i 1980. Ho døydde i 1983. Sonja Hagemanns barne- og ungdomsbokpris har fått namnet sitt etter henne, og har vorte delt ut sidan 1990.

Verk

Hvorfor leser vi? – sakprosa (1947) Henrik Wergelands hustru, Amalie Sofie Bekkevold - sakprosa (1960) Jørgen Moe, barnas dikter – sakprosa (1963) Hjertets geni. Henrik Wergelands diktning for barn – sakprosa (1964) Barnelitteratur i Norge inntil 1850 – avhandling (1965) Mummitrollbøkene. En litterær karakteristikk – sakprosa (1967) Jeg er så glad hver julekveld. En bok om Marie Wexelsen, salmedikter og opprører – sakprosa (1968) Elling Holst. Norske barnerims plass i den fellesnordiske tradisjon – sakprosa (1969) Barnelitteratur i Norge 1850-1914 – sakprosa (1970) Barnelitteratur i Norge 1914-1970 – sakprosa (1974) Henrik Wergelands mor, Alette Dorothea Thaulow – sakprosa (1976) Klassisk barnelitteratur. Før oss - 1 og 2, veiledning for lærere – lærebok (1977) De tegnet for barna. Norske kunstneres illustrasjoner i bøker for barn – sakprosa (1986) (posthumt utgjeven)

Kjelder

Bokmålswikipedia om Sonja Hagemann. Store Norske Leksikon om Hagemann. Utdjupande artikkel om Hagemann skriven av Karin Beate Vold for Norsk Biografisk Leksikon.

kategori:Folk frå Oslo kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar