mini|Oscar Wergelands «Eidsvold 1814» kor Christian Magnus Falsen las opp Noregs Grunnlov under Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Måleriet var ei gåve til Stortinget i 1885. Christian Magnus Falsen () var ein norsk embetsmann, politikar og historikar. Han har fått tilnamnet «Grunnlovas far» for den rolla hans spela ved riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, og vert halden for viktigaste bidragsytar til den norske grunnlova. Falsen var fødd i Kristiania (Oslo) og døydde der òg.

Liv og gjerning Christian Magnus Falsen var son til embetsmannen Envold de Falsen. Frå han var ni år gammal voks han opp i København. Han byrja studere jus i 1798, bestod eksamen til cand. jur. i 1802. Ola Mestad meiner at Falsen og andre sentrale Eidsvollsmenn utdanna i København var påverka av den liberale professor Johan F. W. Schlegel, slik at Schlegels idear om næringsfridom, ytringsfridom og religionsfridom prega grunnlova frå Eidsvoll.Klassekampen 4. juni 2013 s.27. Same året tok han til som prøveprokurator ved Akershus stiftsoverrett, to år seinare utnemnd til ovverrettsprokurator. Falsen vart i 1807 utnemnd til advokat ved den dansk-norske høgsteretten i København. Ved forsvaret av København same året, tenestegjorde som kaptein i studentkorpset.

I 1808 vart Falsen sorenskrivar i Follo. Han busette seg då på garden Vollebekk i Ås.

Straks etter han vart kjend med Kielfreden, byrja Falsen og lektor Johan Gunder Adler i Fredrikstad på eige initiativKlassekampen 4. juni 2013. å utarbeide eit utkast til norsk grunnlov. Utarbeidinga tok to dagar og føregjekk på Vollebekk. Utkastet vart gjort kjent for mellom andre Peder Anker, Georg Sverdrup og seinare for prins Kristian Frederik.

Falsen møtte på riksforsamlinga som 2. utsending frå Akershus amt. Frå 12. april 1814 var han formann for konstitusjonskomiteen på Eidsvoll, og sat som riksforsamlingas president 9.-16. mai. Falsen var leiande i sjølvstendepartiet saman med Georg Sverdrup. Han tok elles del i forhandlingane som i oktober 1814 førte fram til Mossekonvensjonen.

Straks etter, i 1814, vart Falsen amtmann i Nordre Bergenhus amt. Han vart vald til Stortinget 1815-16 og på nytt i 1818 frå Nordre Bergenhus. Trass i at han budde i Bergen, vart det fyrste valet godkjent. Valet i 1818 vart ikkje godkjent. Heile si tid som amtmann i amtet var han busett i Bergen. Falsen vart vald til Stortinget 1821, men då som representant frå Bergen. På tinget vart han vald til president, og var formann i ti av dei atten stortingskomiteane han deltok i.

I 1822 gjekk Falsen over i det nyoppretta embetet som generalprokurør, etter fyrst å ha motsett seg utnemninga. År 1825 vart han stiftsamtmann i Bergen.

Falsen vart i utnemnd til høgsterettsjustitiarius, eit embete han verka i einast nokre få veker våren og sommaren 1828. 12. juni 1828 vart han råka av slag og deltok sidan ikkje i retten.

Falsens hovudverk som historikar var Norges Historie som kom ut 1823–24 og omfatta norsk historie fram til 1319.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff Falsens tale om kongevalg under Riksforsamlingen 20. mai 1814 Biskop Ole Christian Kvarmes 17-mai-tale ved Christian Magnus Falsens grav 2006

Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Sogn og Fjordane Kategori:Fylkesmenn i Hordaland Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Politikarar frå Oslo Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Norske høgsterettsjustitiariusar