thumb|Vassilij Ivantsjuk i 2006
Vasyl Mykhajlovytsj Ivantsjuk (ukrainsk: Василь Михайлович Іванчук), () i Berezjany er ein ukrainsk Stormeister i sjakk. På FIDE si rankingliste 1. september 2009 hadde Ivantsjuk ein rating på 2756, og var då rangert som den åttande beste spelaren i verda, og den beste i Ukraina.
Ivantsjuk slo for alvor gjennom i internasjonal toppsjakk då han vann Linares-turneringa i 1991. Fjorten spelarar var med, åtte av dei rangert mellom dei 10 beste i verda, mellom anna verdsmeisteren Garri Kasparov, og resten av deltakarane var også mellom dei 50 beste spelarane i verda.
Ivantsjuk var etter dette tippa som ein sannsynleg neste verdsmeister, men slik har det ikkje blitt. Han har for det meste vore rangert blant dei ti beste spelarane i verda sidan 1990, og han har nokre gonger vore heilt oppe på andre plass. Men Ivantsjuk har til dels vore prega av dårlege nervar og har gjort tabbar i kritiske stillingar.
Ivantsjuk har vunne mange sjakkturneringar. Dei viktigaste sigrane er Corus-turneringa i 1996, og Linares i 1989, 1991 og 1995. I FIDE-VM i sjakk 2002 spelte Ivantsjuk seg fram til finalen, men tapte finalekampen mot den då berre 18 år gamle landsmannen Ruslan Ponomariov i finalematchen.
Bakgrunnsstoff Ivantsjuk sin rating hos Verdssjakkforbundet FIDE Ivantsjuk sine parti hos Chessgames.com 45 kritiske stillingar frå Ivantsjuk sine parti
Kategori:Ukrainske sjakkspelarar Kategori:Folk frå Ternopil oblast Kategori:Stormeistrar i sjakk