Bakethin-reservoaret er eit reservoar like oppfor Kielder Water i Northumberland i England, nær grensa til Skottland. Ho får vatn frå River North Tyne og ligg søraust for landsbyen Kielder.
Reservoaret er demd opp av ein overløpskant som skil det frå Kielder Water og meininga er å hindre dei øvste delane av Kielder Water å tørke ut når vassnivået er lågt i hovudreservoaret. Bakethin er eit bevaringsområde forvalta av Northumberland Wildlife Trust på vegner av Northumbrian Water.
Plante- og dyreliv Reservatet har eit rikt planteliv med mellom anna sjeldne planter. Det er bygt kunstige øyar på sørsida av reservoaret for hekkande fuglevilt. Her finst òg oter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bakethin Reservoir» frå , den 30. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Reservoar i England Kategori:Innsjøar i Northumberland