Yell Sound er eit sund mellom øyane Yell og Shetland Mainland på Shetland. Det dannar grensa mellom Mainland og North Isles og det ligg mange småøyar der. Sullom Voe er ein arm av Yell Sound med ein stor oljeterminal.
Det går ferjer til North Isles over sundet. Her er kraftige tidvasstraumar og ofte dårleg vêr. Mange skip har forlist i sundet og det er derfor bygt mange fyr for å hjelpe skipa trygt gjennom. Yell Sound er så vidt nemnd i Orkneyinga saga frå mellomalderen og på 1800-talet var det ein kort velståande periode med tang og tare-industri. Kommersielt fiske har lenge vore ei av hovudnæringane i området og delar av sundet har status som Special Area of Conservation (særskild bevaringsområde) for å verne om det lokale dyrelivet.
Det norrøne namnet på sundet var Alasund, men ein kjenner ikkje til den opphavlege tydinga av namnet.Anderson, Joseph (red.) (1893) Orkneyinga Saga. Omsett av Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin and Mercat Press (1990 nytrykk). ISBN 0-901824-25-9
Av øyar i sundet finn ein mellom anna Gruney, Muckle Holm, Little Holm, Bigga, Brother Isle, Lamba, Orfasay, Little Roe, Samphrey, Uynarey, Fish Holm, Linga, Setter Holm, Sinna Skerry og Wether Holm.Ordnance Survey 1:25,000 kart Get-a-map. ordnancesurvey.co.uk
Sjå òg Balta Sound Bluemull Sound
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Yell Sound» frå , den 24. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi på Shetland Kategori:Sund i Storbritannia