Kevin Daniel Kilbane () er ein irsk tidlegare fotballspelar fødd i England. Han spelte både venstreveng og venstreback. Kilbane deltok i 110 landskampar for Irland, einast Robbie Keane, Shay Given og John O'Shea har spelt fleire landskampar for Irland.
Klubbspel Kilbane gjorde teneste i ni engelske klubbar, høvesvis Everton, WBA, Sunderland, Preston North End, Wigan, Hull City, Huddersfield, Derby og Coventry.
Landslagsspel Kilbane debuterte for Irland i Reykjavik 6. september 1997. Han spelte alle Irlands fire kampar under VM i fotball 2002. Irland rauk ut or turneringa i åttedelsfinalen etter straffeskyting, sjølve kampen mot Spania enda 1-1. Kilbane spelte sin siste landskamp i Skopje 4. juni 2011. Han var lagkaptein i 3 kampar, skåra i alt 8 mål for Irland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kevin Kilbane» frå , den 19. juli 2024.
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Irske fotballspelarar Kategori:Preston-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Wigan-spelarar Kategori:Hull-spelarar Kategori:Huddersfield-spelarar Kategori:Derby-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002