Muckle Green Holm er ei folketom øy i Orknøyane i Skottland. Ho er om lag 32 hektar stor og på det høgaste 28 meter over havet. Toppen er eit trigonometrisk punkt.

Namnet er ei blanding frå fleire opphav. 'Holm' kjem frå norrønt holmr,Waugh, Doreen J., Orkney Place-names i Omand, Donald (ed.) (2003) The Orkney Book. Edinburgh, Birlinn. s. 119 medan 'Muckle' er skotsk for 'stor'. I sør ligg Little Green Holm og mellom dei to Sound of Green Holms. Aust for sundet er eit anna sund kalla Fall of Warness mellom Muckle Green Holm og den langt større øya Eday. I desse farvatna har European Marine Energy Centre sett opp eit testutstyr for tidvasskraft.

Det finst ein koloni med storskarv på Muckle Green Holm og ein oterbestand.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Muckle Green Holm» frå , den 20. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Orknøyane