Tune kyrkje er ei langkyrkje i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart oppført i 1908–10 etter at den førre kyrkja, som var frå 1865, brann i 1908. Elles har det vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.
Kyrkja er bygd dels av stein, dels av tegl forblenda med stein. Ho har 550 sitjeplassar. Ein runestein, Tunesteinen, vart funnen her i 1627.
Historie Den eldste Tune kyrkje Dagens Tune kyrkje står der det tidlegare har stått minst to, truleg tre, eldre kyrkjer. Den eldste kyrkja me veit at har stått her, vart bygd seinast rundt 1100, for då er ho nemnt i Borgartingslova som ei av seks fylkeskyrkjer i Vika.Ældre Borgartingslov, Vikens kristenret. Oversatt av T. Olavsson (1914): 22 Da denne kyrkja, ei romansk steinkyrkje i kleberstein, vart bygd, kan det ha vore på grunnen til ei enno eldre trekyrkje. Steinkyrkja frå 1100-talet vart reve i 1863. Under rivinga vart det funne ein stein med årstalet 1055 i romertal. Dette kan kan ha vore kyrkjas byggeår.Tune historielag om Tune kyrkje 1080-1863. http://www.tunehistorielag.com/artikler/kirker-og-kirkeliv/tune-kirke/
Kyrkja frå 1865 I 1865 vart det bygd ei ny, større kyrkje etter at den gamle fra 1100 var reven. Denne hadde heile 1100 sitteplasser. I 1908 brant kyrkja og vart totalskada. Det var mistanke om at brannen var påsatt.Tune historielag om Tune kyrkjee 1865-1908. http://www.tunehistorielag.com/artikler/kirker-og-kirkeliv/tune-kirke/
Dagens kyrkje Dagens Tune kyrkje vart bygd på same stad som den kyrkja frå 1865 stod. Ho vart innvia 30. desember 1910. Kyrkja er tegna av arkitekt Heinrich Jürgensen. Kyrkja vart pussa opp i ved 50-årsjubileet, og seinare ved 75- og 100-årsjubilea.Tune historielag om Tune kyrkje 1910- http://www.tunehistorielag.com/artikler/kirker-og-kirkeliv/tune-kirke/
Referansar Denne artikkelen byggjer på artikkelen Tune kirke på Wikipedia bokmål.
Bakgrunnsstoff
Kyrkjesøk – Tune kyrkje Sarpsborg kyrkjelege fellesråd Sarpsborg kommune
Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Kyrkjer i Sarpsborg Kategori:Kulturminne i Sarpsborg Kategori:Norske kyrkjer frå 1910 Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme