Randa er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1406 meter over havet. Han ligg mellom Weisshorn og Dom, og mellom Visp og Zermatt (9 km unna) og er den tredje øvste kommunen i dalen Mattertal.
Lågaste punktet i kommunen er 1 270 meter, på grensa mot grannekommunen St. Niklaus. Høgste punktet er toppen av fjellet Dom på 4 545 meter over havet.
Han består av landsbyen Randa og grendene Lerch, Wildi og Attermänze.
Ulukker mini|venstre|Fjellraset i Randa Fleire store naturkatastrofar har heimsøkt fjellandsbyen Randa, både i 1636, 1720, 1737 og 1819. Siste store ulukka hende i april-juni 1991. To store steinras i april og mai 1991 stengde vegen gjennom dalen og demde opp elva, som braut gjennom med stor styrke i juni og sette delar av landsbyen under vatn. Sju hestar og 35 småfe strauk med i rasa, og ei mengd hytter og feriehus. Om lag 33 millionar kubikkmeter steinmasse rausa ut.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Randa» frå , den 15. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Valais