Leah Isadora Behn () er ein norsk influensar og modell som er dotter av prinsesse Märtha Louise og forfattaren Ari Behn.
Leah Behn er nummer fem i arverekkja til den norske trona, etter mor si og si eldre syster Maud Angelica. Sidan ho også stammar direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia, står ho også på lista over dei som har arverett til den britiske trona.
Namnet Leah kjem av Leah, som er ei av urmødrene i jødedomen. Namnet Isadora skal tyda «fri, ukonvensjonell og kreativ kvinne». Ifølgje foreldra er namnevalet inspirert av at Ari har reist mykje i Midt-Austen, prinsesse Leia i Star Wars og dansaren Isadora Duncan. Dette fortalde foreldra i samband med dåpen hennar 16. juni 2005, der dronning Sonja var gudmor.
Dekorasjonar Kong Harald Vs jubileumsmedalje 1991–2016Tildeling av Kong Harald Vs jubileumsmedalje 1991–2016, Kongehuset
Kjelder
Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Norske kongelege Kategori:Norske influensarar