«All Along the Watchtower» er ein song skriven og spelt inn av Bob Dylan for albumet John Wesley Harding i 1967. Songen er spelt av mange andre artistar i mange sjangrar, mest kjend av Jimi Hendrix Experience. Det er mange spekulasjonar om kva songen eigentleg handlar om.

Bob Dylan-utgåva Dylan skriv «All Along the Watchtower» i lag med dei andre songane på John Wesley Harding i løpet av året etter motorsykkelulukka hans sommaren 1966. Ulukka gjorde at Dylan måtte trekke seg tilbake frå artistlivet. Han fekk to born i løpet av 1966-1967 og slo seg ned som familiemann. I denne perioden fekk han interesse for Bibelen og fleire av songane på albumet har bibelske referansar, særleg på songar som «All Along the Watchtower», «Dear Landlord», «I Dreamed I Saw St. Augustine» og «The Wicked Messenger».Clark s. 108Sounes s. 227-8

Dylan spelte inn songen 6. november 1967 i Columbia Studio A i Nashville i Tennessee. Med seg på innspelinga hadde han Charlie McCoy på bassgitar og Kenneth Buttrey på trommer. Produsent var Bob Johnston.Gray s. 356-7

Fleire kritikarar har peikt på at teksten i songen liknar linjer i Jesajaboka, kaptittel 21, vers 5-9:

«Dei dukar bord og breier ut teppe, dei et og drikk. 'Reis dykk, hovdingar, smør olje på skjold!' For så har Herren sagt til meg: 'Gå og set ut ein vaktpost! Det han ser, skal han melda! Ser han eit tog med vogner og hestar, eit tog av esel, eit tog av kamelar, då skal han lyda etter, lyda vel etter.' Og vaktmannen ropa: 'Herre, dagen lang står eg på vakt, eg er på min post kvar einaste natt. Sjå, der kjem eit tog av vogner med folk og hestespann. Så tek han til ords og seier: 'Fallen, fallen er Babylon! Alle gudebileta i byen er knuste og slengde til jorda.'»

Den uvanlege strukturen og forteljinga vart omtalt av ein engelsk litteraturprofessor, Christopher Ricks, som sa at songen var eit døme på Dylan som prøvde å manipulere kronologisk tid: «Ved slutten av siste verset, er det som om songen på merkeleg vis endeleg startar og som om myta startar om att.»Ricks s. 359

John Wesley Harding kom ut 27. desember 1967. Songen var den andre singelen frå albumet og kom ut 22. november 1968, men gjekk ikkje inn på listene. Ei konsertutgåve av songen finst på albumet Before the Flood og vart gjeven ut som B-side til «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)» i 1974. På konsertane sine har Dylan spelt songen mykje nærare Hendrix-utgåva enn si eiga orignalutgåve.Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 7. Michael Gray skriv at dette er den songen Dylan har spelt oftast og i følgje ei eiga teljing har Dylan spelt songen 1393 gonger mot slutten av 2003.

Den originale innspelinga av «All Along the Watchtower» finst på dei fleste samleplatene til Dylan.

The Jimi Hendrix Experience

Jimi Hendrix Experience spelte inn si eiga utgåve av «All Along The Watchtower» den 21. januar 1968, i Olympic Studios i London.Eddie Kramer, Hendrix: Setting The Record Straight, s. 135 Den første utgåva av songen vart miksa den 26. januar, men Hendrix var ikkje nøgd med resultatet og spelte seinare inn delar av gitaren på ny sommaren 1968 i Record Plant i New York.Eddie Kramer, Hendrix: Setting The Record Straight, s. 174 Den endelege utgåva vart gjeven ut på albumet Electric Ladyland i september 1968. Singelen nådde femteplass i Storbritannia og 20. plass i USA, den høgaste plasseringa til Hendrix i heimlandet. Songen vart òg rangert på 5. plass av Guitar World på lista deira over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.

Dylan skildra reaksjonen sin då han høyrte Hendrix-utgåva: «Det var verkeleg overveldande. Han hadde slikt talent. Han kunne finne ting i ein song og verkeleg utvikle dei. Han fann ting som andre aldri ville tenke på å finne der. Han betra truleg songen med mellomromma han brukte.» Dylan sa i heftet som følgde med Biograph-albumet: «Eg likte Jimi Hendrix si innspeling av denne og sidan den gong har eg prøvd å gjere han på same vis. Det er merkeleg at når eg syng songen, så føler eg at det på eit vis er ei hyllest til Hendrix»

Denne utgåva av songen er rangert på 48. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2000 rangerte det britiske magasinet Total Gitar songen øvst på lista deira over dei beste coverversjonane gjennom tidene.

Andre utgåver Mange andre artistar har spelt songen, mellom desse U2, Dave Matthews Band, Dionysis Savvopoulos, Neil Young, Grateful Dead, Bryan Ferry, Pearl Jam, Chris de Burgh, Lisa Gerrard, Indigo Girls, Lenny Kravitz, John Mellencamp, Bobby Womack, Paul Weller, Phish, Richie Havens, Spirit, Taj Mahal, The Allman Brothers Band, The Fratellis, The Killers og XTC

Hendrix-utgåva av songen er nytta i mange filmar, som Withnail and I, Rush, Land of the Lost, Private Parts, Forrest Gump, A Bronx Tale, Vegas Vacation, Tupac: Resurrection, Brian's Song og Watchmen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «All Along the Watchtower» frå , den 6. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Teksten "Reason to Rock" - forklaring til teksten

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Songar frå 1967 Kategori:The Jimi Hendrix Experience-songar Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Track Records-singlar Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Dave Matthews Band-songar Kategori:U2-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Bobby Womack-songar Kategori:Spirit-songar Kategori:XTC-songar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Indigo Girls-songar Kategori:Neil Young-songar Kategori:Marius Müller-songar Kategori:Buddy Miles-songar Kategori:Dave Matthews Band-songar Kategori:Chrissie Hynde-songar Kategori:Taj Mahal-songar Kategori:Paul Weller-songar Kategori:Mike Rutherford-songar Kategori:Paul Carrack-songar Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:Eddie Vedder-songar Kategori:Chris de Burgh-songar Kategori:The Jeff Healey Band-songar 047 040