Hermetray (skotsk-gælisk Thearnatraigh) er ei folketom øy utanfor North Uist i Ytre Hebridane i Skottland.

Måse og musvåk hekkar i klippene på øya.

Geografi og geologi

Hermetray ligg i Sound of Harris langs the Minch. Ho ligg på sørsida av sundet, men høyrer adminsitrativt til Harris. Øya er 72 hektar stor og det høgaste punktet er Cnoc a' Chombaiste (Compass Hill) på berre 35 meter over havet. Berggrunnen består av gneis.

Martin Martin vitja øya i 1695 og skildra lyngheilandskap her.

Historie Namnet på øya har norrønt opphav, Hermunðrs ey, som tyder «Hermundsøya». Det er ukjend kven denne Hermund er.

Seòlaid na h-Eala, ligg sør for øya og er kalla opp etter Eala Bhàn (Den kvite svanen), ein kjend birlinn frå 1600-talet.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.Seòlaid tyder lei eller ankringsplass..

I 1841 vart det registrert åtte innbyggjarar på øya, i ein enkel familie. Øya er ikkje lenger busett. I 1921 forliste det norske skipet «Puritan» ved øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hermetray» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland