mini|Frå Eilean Garbh til Eilean an Taighe til høgre og Eilean Mhuire i bakgrunnen. mini|Strand mellom dei to hovudøyane i Shiant Isles (Garbh Eilean og Eilean an Taighe)

Eilean an T(a)ighe eller Eilean an T(a)igh, som tyder «heimøya», er ei øy i Shiant Isles i Ytre Hebridane i Skottland. Eit eid knyter ho til Garbh Eilean og begge dannar ei enkelt øy.

Historie Før 1820-åra vart øya kalla Eilean na Cille («kyrkjeøya»)Haswell-Smith (2004) s. 275-76. og det er spor etter ei kyrkje her, kanskje tileigna Jomfru Maria.Haswell-Smith (2004) s. 277-78. Eilean Mhuire, ein av dei andre øyane i Shiant Isles har fått namn etter Jomfru Maria.

Det budde førti menneske her på midten av 1700-talet, men i 1770 var det ingen att. I 1820-åra budde ein gjetar og kona hans her, men dei hadde òg forlate øya i 1842. Ein annan gjetarfamilie budde her frå 1862 til 1901.

I 1937 vart øyane kjøpt av Nigel Nicolson, ein forfattar og politikar. Øyane er framleis i privat eige.

Bakgrunnsstoff Side om Shiant Isles

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eilean an Taighe» frå , den 25. februar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland