Ytre Hvaler nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i kyst- og skjergardslandskapet i Østfold fylke. Parken vart oppretta 26. juni 2009, for å «bevare et egenartet, stort og relativt urørt naturområde ved kysten i sørøst-Norge, bevare et undersjøisk landskap med variert bunntopografi, og bevare økosystemer på land og i sjø med naturlig forekommende arter og bestander, kystlandskap med sjøoverflate og havbunn med korallrev, hard- og bløtbunn.»Lovdata.no: Verneforskriften og han dekker eit område på 354 km² land og sjø.

Nasjonalparken ligg i kommunane Fredrikstad og Hvaler; og han erstattar dei fire tidlegare sjøfuglreservata Akerøya, Heia, Møren og Søre Syster. Parken grensar opp til den svenske Kosterhavet nationalpark som vart oppretta samtidig.

Geografi, landskap, geologi Nasjonalparken har store verneverdiar knytt til flora og fauna, strand- og kysttypar, kystbarskog, lyngheier og det intakte storslagne kystlandskapet. Områdd har spesielle marine eigenskapar pga utløpet til Glomma og ein særs variert undersjøisk topografi og botntilhøva. Dette gjer at Ytre Hvaler inneheld eit stort mangfald av marine naturtypar både på grunt og djupt vatn. Det er fleire korallrev i området.

Kulturminne Områdd er prega av lang tids nytte av kysten og havet: rekefiske, hytter, fritidsbåtar og annan fritidsaktivitet.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ytre Hvaler nasjonalpark» frå , den 23. februar 2010.

Kategori:Nasjonalparkar i Noreg Kategori:Verneområde i Østfold Kategori:Verneområde oppretta i 2009 Kategori:Geografi i Fredrikstad Kategori:Geografi i Hvaler